Stiftelsestilsynet vil stoppa millionutbetalinga som kraftlaget bad folk halda kjeft om

Tusen straumkundar ventar på å få dela 310 millionar kroner etter fusjon. No kan dei enda opp med å måtta sjå langt etter pengane.

Informasjonsmøte i Fjelberg Kraftlag 15. oktober 2018

LURT Å TEIA: Medlemmane i det vesle samvirkeselskapet Fjelberg Kraftlag fekk 15. oktober eit råd frå styreleiaren om at «nu gjelder det at halde kjeft» overfor Stiftelsestilsynet.

Foto: Privat

«Vi kjem ikkje til å godkjenne søknadar der verdiane i samvirkeføretaket skal delast ut til medlemmane privat», skriv Stiftelsestilsynet i ein generell uttale dei offentleggjorde torsdag.

Utbetaling etter fusjon

Bakgrunnen er at det 70 år gamle straumnettselskapet Fjelberg Kraftlag i Kvinnherad planlegg å slå seg saman med Haugaland Kraft .

Kraftlaget er eit lite, lokalt samvirkeselskap med allmennyttig føremålsparagraf. 970 av dei om lag 2000 straumkundane er medlemar i selskapet.

Ein del av fusjonsavtalen inneber at medlemane i løpet av 2019 vil kunna få utbetalt heile verdien av Fjelberg Kraftlag, 310 millionar kroner på deling.

Vanlege hushaldningar er førespegla om lag 150.000 kroner, medan Kvinnherad kommune som største straumkunde vil kunna få 30 millionar kroner.

Kommunen har allereie rekna med dette i investeringsbudsjettet for 2018.

– Hald kjeft

Det vekte oppsikt at styreleiaren og den daglege leiaren i selskapet oppmoda til å ikkje snakka for høgt om denne delen av planen overfor Stiftelsestilsynet.

Nu gjelder det at holde kjeft, sa styreleiar Sverre Olav Handeland i eit videoopptak frå eit medlemsmøte i oktober.

Sverre Olav Handeland

ALT I ORDEN: – ​​​​​​​ Fusjonsavtalen seier ikkje noko om oppløysing av Fjelberg Kraftlag. Prosessen er fullt lovleg, seier styreleiar Sverre Olav Handeland.

Foto: Anders Totland / Sunnhordland

Det er Stiftelsestilsynet som eventuelt gir godkjenning dersom samvirkeselskapet søkjer om å få bli omdanna til aksjeselskap, for så å kunna fusjonera med Haugaland Kraft.

Fjelberg Kraftlag held ekstraordinært årsmøte 6. desember om selskapsendring og fusjon, og har derfor endå ikkje søkt Stiftelsestilsynet om å bli omgjort til aksjeselskap.

På grunn av den offentlege omtalen av saka la tilsynet i går ut eit seks siders dokument om korleis dei vil vurdera slike saker generelt.

– Kortsiktig profittmotiv

Fjelberg Kraftlag blir ikkje nemnt med namn, men tilsynet skriv dei har fått mange spørsmål om kva moglegheit kraftlag organisert som samvirkeføretak har til å la medlemmane få tilgang til verdiane i føretaket gjennom omdanning til aksjeselskap.

«Informasjon vi har fått den siste tida går ut på at det skal ligge føre ein intensjon, til dels formalisert, om å oppløyse aksjeselskapet med kooperativt preg og betale ut verdiane til medlemmane privat innan kort tid.»

Seniorrådgjevar Øystein Sellevold har tidlegare sagt til NRK at viss omdanninga er grunngitt i eit kortsiktig profittmotiv for medlemmane, kan det fort ha karakter av misbruk av samvirkeføretaksforma.

– Blir det halde tilbake eller gitt uriktig eller misvisande informasjon i ein søknad, vil dette ha betydning for vår vurdering av søknaden og eit eventuelt ansvar for dei involverte.

– Erstatningsplikt

Tilsynet viser i notatet til at samvirkelova sitt utgangspunkt er at viss eit samvirkeselskap blir oppløyst, skal nettoformuen gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål.

f.v. Kristoffer Vannes, Sverre Olav Handeland og Olav Linga

– SNAKK MINST MOGLEG: Dagleg leiar Kristoffer Vannes (t.v.) og styreleiar Sverre Olav Handeland i Fjelberg kraftlag sa på medlemsmøtet at å teia offentleg gir medlemane betre sjanse for å få 310 millionar kroner på deling.

Foto: Marius Tveit Nissestad / Grenda

I forarbeida til lova står det:

«Eit ønske om å skaffe seg tilgang på nettoformuen ved oppløysing, er ikkje i seg sjølv ein sakleg grunn.»

Tilsynet skriv:

«Eit brot med slike føresetnader kan føre til at vedtaket om godkjenning kan vere ugyldig og gi grunnlag for omgjering. Særleg gjeld dette dersom slike intensjonar var til stades på søknadstidspunktet utan å vere kommunisert.»

Dei viser også til at ei slik ugyldigheit «vil kunne utgjere grunnlag for erstatningsplikt for dei som har gitt urette opplysningar eller har halde tilbake informasjon.»

– Oppløysing er ikkje tema

Seniorrådgjevar Sellevold vil overfor NRK ikkje kommentera den skriftlege uttalen frå Stiftelsestilsynet ytterlegare.

Styreleiar Handeland i Fjelberg Kraftlag har tidlegare avvist at dei planlegg nedlegging og fordeling av heile formuen.

– Tilsynet har blitt fortalt av andre enn oss i selskapet at målet er å løysa opp Fjelberg Kraftlag når me har blitt aksjeselskap og fusjonert med Haugaland Kraft, og betala ut verdiane. Dette er ikkje riktig. Avtalen seier ikkje noko om oppløysing. Det er ikkje eit tema her, men opp til medlemmane seinare.

Han seier at styret i Fjelberg Kraftlag verken kan eller vil binda eit framtidig aksjeselskap.

– Det styret faktisk har meint noko om, er at omdanninga er naudsynt for å kunna gjennomføra ei samanslåing som kan vidareføra sikker straumforsyning i området i samsvar med krav frå styresmaktene.

Men den framforhandla fusjonsavtalen har eit punkt om at Haugaland Kraft pliktar å kjøpa tilbake aksjar verd 310 millionar kroner viss Fjelberg Kraftlag ønsker det innan utløpet av 2019.

– Oppløysing er målet

Høgrepolitikar og tidlegare styreleiar i Fjelberg Kraftlag, Per Ove Kviteberg, har tidlegare sagt til NRK at tilbakesal og oppløysing har vore det uttrykte målet frå styret og dagleg leiar.

Per Ove Kviteberg

TYDELEG: Per Ove Kviteberg i Kvinnherad Høgre seier Stiftelsestilsynet er klinkande klart på at formuen i samvirkelaget ikkje kan seljast og bli delt ut blant medlemane.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

– Derfor er selskapsomlegginga og fusjonen i strid med samvirkelova. Det er veldig leit at medlemane i kraftlaget har blitt forleda til å tru at dette skulle gå an. Stiftelsestilsynet steglar med god grunn, og slår fast at denne prosessen ikkje kan gå.

Han meiner kraftlaget risikerer ein årelang juridisk problematisk situasjon.

– Tilsynet er klinkande klar på at formuen i selskapet ikkje kan seljast og bli delt ut.

Han meiner det ekstraordinære årsmøtet må avvisa fusjonsavtalen, og innkalla til nytt årsmøte for å velja nytt styre.