Hopp til innhold

Erkjenner ikkje straffskuld etter dødsvald

Den sikta stesonen har søndag vore i avhøyr med politiet. Måndag blir han framstilt for varetektsfengsling.

Politihund søker etter spor i Loddefjord etter dødsvold

FENGSLING MÅNDAG: Politihundar gjorde søk utanfor bustadblokka i Loddefjord fredag. Den sikta erkjenner ikkje straffskuld. Han blir framstilt for varetektsfengsling måndag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Avhøyret er avslutta. Min klient erkjenner framleis ikkje straffskuld, seier mannens forsvarar, advokat Beate Hamre til NRK søndag kveld.

Fredag kveld vart ein 62 år gamal mann funne død i sin eigen leilegheit i Vadmyraveien i Loddefjord, Bergen. På grunn av spor og funn i leilegheita, samt skadane på avdøde, sette politiet straks i gong drapsetterforsking. Ifølge Bergens Tidende vart mannen funne med store hovudskadar.

Stesonen til avdøde vart seinare på natta arrestert og sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Fengsling måndag

Han har i dag vore i avhøyr med politiet, men forsvarar Hamre vil ikkje gå innpå kva som vart sagt under avhøyret.

– På noverande tidspunkt ynskjer eg ikkje å gi fleire kommentarar.

I morgon blir klienten hennar framstilt for varetektsfengsling. Det er ikkje kjent kva politiet vil be om, men politiadvokat Janne Heltne sa til NRK laurdag at dei truleg vil be om fire veker i varetekt for den sikta.

Avdøde vart obdusert ved Gades institutt i Bergen søndag, men konklusjonen av den er ikkje kjent.