Hopp til innhold

Uvêret skapar trøbbel på Vestlandet

Vinden har i kveld blåse opp i full storm fleire plassar på Vestlandet. Sjå oversikt over herjingane her.

Sotrabrua

KRAFTIG VIND: Vindmålaren på Sotrabrua synte 27 m/s. Det var for mykje til at lastebilar, bussar, bilar m/tilhengarar og bilar med større takboksar kunne passere.

Sterk vind har gitt problem for både bilistar og ferjer. I ettermiddag blei tre personar berga frå ein båt i Hjeltefjorden. Hardangervidda er stengt for lette køyretøy og fleire ferjesamband er også stengde.

No har også nedbøren trengt seg inn i fleire hus i bergensområdet.

Brannvesenet har rykka ut til tre bustadar på Askøy, i Bergen og på Tysnes for å pumpe ut vatn frå kjellarane.

– To av husa har fått vatn inn i kjellaren, og på eit av dei held vatn på å vekse seg oppover husveggen, seier Jan Ove Haga, vaktkommandør i 110-sentralen i Hordaland.

Ingen skal vere evakuerte frå dei tre bustadane.

Røska med seg sag

Velta sag ved Mækjebakken

TOK SAGA: Den kraftige vinden braut ned ei sag på Mækjebakken på Bømlo i kveld.

Foto: Stein-Erik Ovesen

På deler av Hordaland har det blåse opp i full storm i kveld. På Mækjebakken på Bømlo har vinden velta ei sag.

– Det har vore eit heilt utruleg vêr. Heile bygget må ha reist i eit vindkast, seier eigar av saga, Olav Markhus.

– Me har vore ute og hengt opp skilt for at folk ikkje skal gå bort til ho.

Sterk vind førte til stengt bru

Sotrabrua

KRAFTIG VIND: Sotrabrua i Bergen er delvis stengt på grunn av sterk vind. Kun personbilar får no passere.

Foto: Statens vegvesen

Sotrabrua i Bergen var lenge stengt for lastebilar, bussar, bilar m/tilhengarar og bilar med større takboksar.

– Vinden er så sterk at bilar med hengar og takboks ikkje kan køyre over. Eit par bilar med hengarar fekk store problem undervegs då dei skulle krysse brua, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Klokka 21.50 melder politiet at brua er open for alle køyretøy.

Tre personar berga frå uvêret

Redning Hjeltefjorden

STERK VIND: Vêret har alt ført til ein redningsaksjon i Hjeltefjorden utanfor Sotra. Ein båt med tre personar om bord er frakta i land.

Foto: Redningsskøyta K.G. Jebsen
redningsskøyte

HJELTEFJORDEN: Tre personar og ein hund blei berga i land i Hjeltefjorden i ettermiddag.

Foto: Redningsskøyta K.G Jebsen

Vêret førte til ein redningsaksjon utanfor Sotra i ettermiddag. Like før halv fem rykka politiet og HRS ut til Hjeltefjorden utanfor Våge på Sotra.

Tre personar og ein hund var om bord på båten.

– Dei ringde inn klokka 16.19 og melde om at dei var ute i Hjeltefjorden og hadde fått motorstogg med ein 14 fots båt, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Redningsskøyte blei sendt ut, og klokka 16.41 melde politiet at dei var framme ved båten og hadde kontroll på dei tre passasjerane.

SJÅ OGSÅ: Vêrvarslinga for heile fylket

– Det er mørkt og det dårlege vêret herskar der ute no. Heldigvis gjekk det bra. Hjeltefjorden i dette vêret trur eg folk skal unngå akkurat i dag, seier Kronen.

Stengde ferjesamband

Fleire ferjesamband er stengde eller delvis stengde på grunn av uvêret:

  • Ferjestrekninga Hjellestad–Klokkarvik har redusert kapasitet på grunn av den sterke vinden. Siste ferjeavgang er flytta til klokka 17.05. Ferja vil ikkje gå innom Bjelkarøy og Lerøy.
  • Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes: Rute 1 er innstilt på grunn av vêrforholda. Normal drift frå rutestart i morgon.
  • Ferjestrekninga Leirvåg – Sløvåg er mellombels stengt på grunn av uvêret.
  • Hardangervidda er mellombels stengt for køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn. Kolonnekøyring for køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn.