NRK Meny
Normal

Stenger vegen på nytt i fem veker

Eit nytt fjellparti på Rv. 13 forbi Deildo i Hardanger må sprengast ned.

Sprenger Deildo

SPRENGING: Slik såg det ut då Vegvesenet sprengde vekk 15.000 kubikkmeter over riksveg 13 i Hardanger i haust.

Foto: Arvid Aga

Hyppige brukarar av riksveg 13 langs Sørfjorden i Hardanger må igjen bu seg på bruk av båt framfor bil dei neste vekene.

I forbindelse med nytt rassikringsarbeid ved Deildo må Statens vegvesen stenga vegen i fem veker. Stenginga gjeld frå veke 9.

– Av omsyn til tryggleiken for vegfarande og anleggsarbeidarar er det naudsynt å stenge vegen, seier byggjeleiar Terje Nesse til NRK.

– Fem veker er lenge, men det er heilt naudsynt for å gjera dette partiet heilt sikkert.

Skal sprenga meir

Det er nok eit høgt fjellparti som må sprengast ned i arbeidet med å sikra riksvegen mellom Odda og Kinsarvik. Same vegen var stengd i ni veker mot slutten av 2016.

– Det er ei høg fjellskjering som skal ned, og på staden er det veldig smalt og trongt. Vi kan ikkje ha trafikk forbi i den perioden vi jobbar med det, seier Nesse.

Det skapte ein god del trøbbel for reisande, pendlarar og andre dei vekene det var stengt. Fleire melde også om fulle ferjer på sambandet mellom Kvanndal, Kinsarvik og Utne under førre stenging.

Denne gongen vil Statens vegvesen sørga for at det blir sett inn fleire ferjeavgangar. Som sist blir det også sett opp skyssbåt mellom Lofthus og Børve. Rutetabellen vert ifølge Vegvesenet den same.

Deildo

Skyssbåt skal frakta dei som vanlegvis tek bilen mellom Odda og Kinsarvik. Båten går mellom Lofthus og Børve.

Foto: Arvid Aga

Siste video

Liv Holmefjord og Torbjørn Lorentzen følger 1000-meteren på skøyter i OL fra Fana IL sitt klubbhus på Nesttun i Bergen.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås