NRK Meny
Normal

Stenger skule og barnehage etter straumbrot

Regnet skapar trøbbel fleire plassar i fylket. I Fyllingsdalen pumpar no brannvesenet vatn ut av kjellaren på Løvås oppveksttun. Skulen er stengt på grunn av straumbrot.

På grunn av mykje nedbør i natt vart kjellaren på Løvås oppveksten i Fyllingsdalen oversumt. Det slo ut BKK sin trafokiosken og straumen gjekk.

STENGER SKULEN: Her pumpar brannvesenet vatn ut av kjellaren til Løvås oppveksttun. På grunn av mykje nedbør i natt vart kjellaren oversumt. Det slo ut BKK sin trafokiosken og straumen gjekk.

I går sende Meteorologisk institutt ut OBS-varsel for Vestlandet. 60–90 millimeter nedbør var venta å bøtte ned over Hordaland og Sogn og Fjordane i går og utover fredagen.

Løvås oppveksttun

PUMPA UT VATN: Kjellaren på Løvås oppveksttun i Fyllingsdalen blei i natt oversumt av vatn. Det slo ut straumen, og skulen er no stengt ut dagen.

Foto: NRK

I dag har regnet skapa problem for folk i Fyllingsdalen i Bergen. På grunn av mykje nedbør i natt vart kjellaren på Løvås oppveksttun i Fyllingsdalen oversumt. Det slo ut BKK sin trafokiosken, og straumen gjekk.

– Dei som kom fyrst på jobb i dag blei møtt av eit mørkt hus. Straumen er gått hos oss og områda rundt. Brannvesenet er på plass for å pumpe ut vatn, og BKK er her for å få straumen tilbake så raskt som mogleg, seier rektor Anne Kari Sælensminde ved Løvås oppveksttun til NRK.

LES OGSÅ: – Dette er tegn på farlig vær

Stenger skulen i dag

Barna er sendt heim, og skulen vert stengt ut dagen.

– Me har vore nøydd til å stenge i dag, og sende heim dei som har møtt opp. Dei som enda ikkje hadde rukke å komme har fått beskjed, seier Sølensminde.

Områda som har vore råka av straumbrotet i Fyllingsdalen er deler av Nebbestølen, Løvås skole, barnehagen ved Løvås skole og Folke Bernadottesvei 5.

Også på Osterøy har Grevsgård, Børtveit, Dale og Øvre Raknes vore utan straum.

NRK oppdaterer saka

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.