NRK Meny
Normal

30 elevar passerte like før rasfare stengde vegen

– Me vurderte at det ikkje var trygt, seier byggeleiar i Statens vegvesen.

Vegstenging på Rv 13 ved Deildo

ELEVAR SLAPP FORBI: Skulebussen passerte i den korte perioden før rasfaren gjorde at Statens vegvesen igjen stengde riksveg 13.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tysdag kveld gjekk eit ras som stengde riksveg 13 ved Deildo-elva sør for Lofthus. Kl. 05.00 onsdag morgon vart vegen opna for trafikk, men klokka 08.30 vart vegen nok ein gong stengd på grunn av rasfare. I mellomtida hadde 30 skuleborn passert på veg til Opedal skule på Lofthus.

Skulebussen som kjem nordover langs vestsida av Sørfjorden passerer kvar dag den rasfarlege staden Deildo, der det for tida går føre seg omfattande sikringsarbeid.

Laster kart, vennligst vent...

RASFARE: Vegstenginga ved Deildo-elva hindrar kontakten mellom Lofthus og bygdene lenger sør i Ullensvang.

– Me vurderte klokka 08.30 at det ikkje var trygt, seier byggeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen.

Kanskje opning kl. 13

No ryddar mannskapa vekk lausmassar som har hamna oppe på ei vegskjering.

– Området er litt utilgjengeleg, så me veit ikkje kor lang tid me brukar på å reinska opp. I beste fall opnar me klokka 10.30, sa Nesse i dag tidleg.

No er opninga utsett. Nesse opplyser til NRK at det blir tatt ei ny vurdering kl. 12.45.

–​ Kor store steinar har kome i dag?

– Det låg nokre store steinar i grøfta, og medan me stod der kom det nokre småstein saman med vatn og jord. Dei største var knyttnevestore. Eg vil ikkje kalla det ras, men når vatnet tar nye vegar blir små stein vaska ut og hamnar i vegbana.

– Berre småstein kan treffa bilar

30 elevar passerte like før vegen igjen vart stengt i dag tidleg. Nesse reknar det som sikkert at skulebussen slepp forbi når skuledagen er over.

– Ein kan kanskje få ein liten stein som treffer ein bil, men det er ikkje snakk om store steinar med fare for liv og helse, seier Nesse.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.