NRK Meny
Normal

Stengde E16 etter isras

E16 mellom Bergen og Voss blei stengd etter at eit isras blokkerte eine køyrefeltet. Ingen bilar blei råka, men politiet stengde vegen på grunn av fare for fleire ras.

Laster kart, vennligst vent...

ISRAS: E16 blei stengd etter at det gjekk eit isras mellom Evanger og Bulken.

Politiet valde å stenga E16 ved Kvilekvål mellom Evanger og Bulken laurdag kveld etter at det gjekk eit mindre snø- og isras. Politiet fekk melding om raset klokka 20.25.

Klokka 21 opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord at politiet dirigerer trafikken forbi rasstaden.

Raset dekker eitt køyrefelt og er om lag ein halv meter høgt og 5–6 meter i breidde. Feltet frå Voss i retning Bergen er stengd.

– Innringar var den første bilen på staden og er difor rimeleg trygg på at ingen bilar blei treft. Han seier det ser ut til at det heng mykje is i fjellveggen, difor har me valt å stenga vegen til entreprenør har vore på staden og fått vurdert omfanget av det som er i fjellsida, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK klokka 20.30.

Ein halv time seinare opplyser han at patruljen på staden konkluderte med at det ikkje er fare for fleire isras i området.

– Me vurderer det som forsvarleg å sleppa forbi bilar. Me ventar no på at entreprenør skal koma og rydda opp.

Innringar omtala raset som stort sett knust is og snømassar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.