Hopp til innhold

Stemmeteljinga i Bergen forseinka på grunn av asfaltering

Planlagd asfalteringsarbeid før sykkel-VM gjer at stemmeteljinga dryger. Arbeidet er planlagt i lang tid.

Stemmer ankommer tellelokale i Bergen

PÅ VEG: Kassar med stemmer på veg inn i rådhuset i Bergen. Planlagt asfaltering kom overraskande på valseksjonen i kommunen.

Når klokka er 23.40 er 83,6 prosent av stemmene i Noreg talde. I Bergen er oppteljinga ikkje kommen like langt.

Fleire bilar med stemmer blei ståande fast i lange køar på grunn av asfalteringsarbeid på vegnettet i byen seint måndag kveld, skriv Bergens Tidende.

Erna etterlyste stemmene

Av dei offisielle tala til Valgdirektoratet, er det framleis berre førehandsstemmene som er talde. Det betyr at svaret på skjebnen til Venstre, som rundt midnatt vippar på sperregrensa, kan finnast i stemmebunkane i Bergen.

– Valresultatet er klart når alle stemmer er talt opp, og før det kan me sjølvsagt ikkje seia noko om resultatet, seier kommunikasjonssjef Kristina Brekke Jørgensen i Valgdirektoratet.

Erna Solberg - tommel opp

FIRE NYE ÅR: Erna Solberg talar til Høgre si valvake.

Foto: NRK

Erna Solberg er også gjort merksam på asfaltfloka i heimbyen.

– Det skal vera sykkel-VM i Bergen og er visst litt asfaltlegging som forseinkar oppteljinga der borte, sa Erna Solberg i sin tale på Høyre si valvake.

Partioppslutning i Bergen (Hordaland)

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

2,8
+1,6

SVSosialistisk Venstreparti

9,0
+2,6

APArbeiderpartiet

24,4
−1,2

SPSenterpartiet

4,1
+2,1

MDGMiljøpartiet De Grønne

4,5
+0,4

KRFKristelig Folkeparti

4,1
−1,6

VVenstre

5,4
−1,4

HHøyre

31,6
−2,0

FRPFremskrittspartiet

12,6
−0,6

ANDREAndre

1,5
+0,4

Vegtrafikksentralen: – Spesielt

Nygårdstunnelen og Løvstakktunnelen på riksveg 540 er stengd i begge retninger. Arbeidet og vegsteninga blei bestemt for lenge siden, seier Lise Kristophersen i Vegtrafikksentralen.

Ho er overraska over at stenginga har skapa problem for valseksjonen.

– Eg ser ikkje at det skulle føra til nokon veldige problem. Hadde dei fulgt med når me skulle stenga tunnelane, hadde dette kanskje kunne vore unngått, seier Kristophersen.

– Me har ikkje heilt oversikt over kor mange bilar det er snakk om, men det blir ein del venting i køar for bilane som leverer stemmer frå andre deler av byen, opplyser Ole Rasmussen, koordinator for finteljinga i Bergen rådhus.

– Kva tenker Vegtrafikksentralen om konsekvensane?

Det er litt spesielt. Sykkel-VM er noko som er nært førestående, som ein kanskje skule ha tenkt på litt før, seier Kristophersen.

Elin Solberg, leder for valgseksjonen i Bergen kommune

FORSEINKA: Tusenvis av stemmer blei forseinka etter at bilar med stemmer stod i kø på grunn av asfalteringsarbeid.

Foto: Ole-Andreé Lagmandokk / NRK

– Skandale

Ifølge leiar for valseksjonen i Bergen kommune, Elin Solberg, var dei første bilane med stemmene i ferd med å koma fram når klokka nærma seg midnatt.

– No ramlar bilane inn og stemmene kjem fortløpande til å gå gjennom finteljinga, seier Solberg til NRK.

– Det er skandale. Det går ikkje an, det er val kvart fjerde år, seier jusprofessor og talknusaren bak statistikknettstaden Pollofpolls i BT si valsending.

Giertsen meiner bergensresultata kan få store konsekvensar.

– Frå spøk til alvor – Venstre sin skjebne kan avgjerast i Bergen.

Kasser med stemmer i Bergen

PÅ OVERTID: Ti valmedarbeidarar tok seg av den manuelle skanninga og finteljinga av dei siste stemmene på Bergen rådhus.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Klar i løpet av nokre timar

Urnene med stemmer skal no kontrollerast, skannast og finteljast. Resultatet vil først vera klart i løpet av natta.

– Skanning er i full gong no. Me jobbar med all den kapasiteten me har, seier Rasmussen, som seier at dei første stemmene kom inn like over klokka 23.

– Sånn sett har me nettopp byrja. Det er ein del stemmesetlar å gå gjennom.