Hopp til innhold

Svære steinblokker knuste vegbana

Vegen er stengt mellom Bruravik og Ulvik på grunn av eit steinras. – Buss og lastebil slepte akkurat unna raset, seier augevitne.

Store steiner knuste veien i Hardanger

Det har gått eit stort steinras på fylkesveg 572 mellom Bruravik og Ulvik i Hardanger. Statens vegvesen opplyser om at vegen er stengt.

– Det er store steinblokker treft og vegbana. Men vi føler oss sikre på at ingen er tatt av skredet, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

John Øydvin frå Ulvik var blant dei fyrste på staden.

– Det er skikkeleg svære steinar som har komme ned, knust vegbana og øydelagt autovernet. Eit stort stykke av vegbana har blitt slått ned, og raset har høvla ned skogen, seier han.

– Buss og lastebil slapp akkurat unna

Øydvin fortel at han møtte ein buss frå Tide like før han kom til rasstaden.

– Tide Buss har hatt ein utruleg heldig dag. To minutt etter at bussen passerte, gjekk raset. Og då eg kom her stod det ein lastebil heldt på å bli treft. Her er det fleire som har hatt enorm flaks, seier han.

Politiet har vald ikkje å rykke ut til plassen.

– Fordi ingen skal vere skadd sender vi ikkje patrulje, men lar Statens vegvesen ha kontroll på staden, seier Kronen.

Det er berre tre dagar sidan eit anna stort ras i Hardanger.

Må ha geolog

Vegtrafikksentralen seier vegen ikkje blir opna igjen i dag.

– Vi må ha ein geolog inn i området for å vurdere rasfaren. Vi veit ikkje når vi får det til, men vegen blir ikkje opna i dag, og det kan ta tid, seier trafikkoperatør Tore Tysse.

No blir det ny vurdering laurdag klokka 12.00 på kva som skjer med vegen.

Omkøyring går på same vegen om Espelandsdalen / Espelandsvegen.

Ras like ved Ulvik