STEINRAS I EIDFJORD:

Det har gått eit stort steinras ved Hotle i Eidfjord kommune. Raset har gått heilt ned til fjorden der det står fleire naust og hytter. Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, seier det ikkje skal ha vore folk i hyttene då raset gjekk. Raset har gått heilt inn til hyttene, men ingen av dei skal vere treft av steinmassane.