Hopp til innhold

Steffen Lie Skålevik: – Vant med å vera underdog

Strilen frå Sotra er klar for sin første sesong i eliteserien. – Eg håpar me kan overraska.

Intervju med Steffen Lie Skålevik.

VIDEO: Steffen Lie Skålevik scora 10 mål for Nest-Sotra førre sesong, før han signerte med Brann i august. No er han klar for å kjempe i den øvste divisjonen i norsk fotball.

– Eg har gått på stadion frå eg var liten av, og det har alltid vore eit mål å få vera ein av dei som fekk springa utpå der, seier Skålevik.

23-åringen signert kontrakt med Brann i august i fjor, og forlét dermed Nest-Sotra, klubben han var med på å få opp frå 1. til 2. d ivisjon.

Dermed blir dette første sesong i eliteserien for angrepsspelaren frå Sotra.

– Eg er vant med å vera underdog i Nest-Sotra, og det blir litt same situasjon med Brann i år.

Han meiner det er vanskeleg å seia kvar på tabellen dei kjem til å enda opp.

– Eg håpar må kan overraska, men me må vera førebudd på at kvar kamp blir steintøff.

– Brann treng krigarmentalitet

Han er godt fornøgd med å vera tilbake på laget der han spelte kampar i 2. divisjon når han var yngre.

– Det beste med å vera ein del av laget er det gode samhaldet. Det er god stemning i gruppa og alle støttar kvarandre uansett.

– Kvifor trur du så mange strilar har fått plass i Brann-stallen?

– Me er krigarar. Dei har lyst på ein krigarmentalitet inne i Brann. Eg satsar på at det kjem endå fleire strilar, ler Skålevik.

Sjå alle våre Brann-portrett frå La Manga: