Hopp til innhold

Statssekretær om råkøyring: – Skjønner dei som reagerer på sanksjonsregimet

Ein latvisk lastebilsjåfør råkøyrde mange mil på E134 medan han filma det. Statssekretær i Justisdepartementet er sjokkert over råkøyringa.

Videoen viser blant annet hvordan han kjører forbi to biler rett før en sving. Latvieren ble sendt hjem med en bot på 10.000 kroner for uvettig kjøring, og mistet samtidig retten til å kjøre i Norge de neste seks månedene.

VIDEO: Lastebilsjåførens sin eigen video av råkøyringa.

Det var tysdag sist veke at råkøyringa skjedde. Den latviske lastebilbilsjåføren skulle då køyra frå Drammen i Buskerud til Bømlo i Hordaland.

I løpet av tida han køyrde vestover på E134 fekk politiet inn fleire meldingar om råkøyring frå lastebilsjåføren. Ved Fjæra i Etne kommune fekk politiet stoppa han og det viste seg då at sjåføren hadde filma heile køyreturen med eit kamera som var festa i frontruta.

Pål Lønseth

REAGERER: Statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet reagerer på den latviske lastebilsjåføren si køyring.

Foto: Svein Olsson/NRK

– Det er sjokkerande å sjå denne videoen, seier statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet til NRK om råkøyringsvideoen.

– Eg skjønner godt dei som synest sanksjonsregimet ikkje er kraftig nok. Forslaget frå Lastebileierforbundet er interessant, og me vil vurdere om dette er noko me kan ta med oss vidare i nokre av de samarbeidsfora me har internasjonalt i justissektoren, seier Lønseth.

Mistar førarretten berre i Noreg

Den latviske lastebilsjåføren fekk ei bot på 10.000 og han mista retten til å køyra bil i Noreg dei neste seks månadane.

Geir A. MO

FOR LÅG STRAFF: Administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund ønskjer eit europeisk sanksjonsregime.

Foto: NRK

– Bota er for låg, det er heilt openbart. Det at ein mistar førarretten berre i Noreg er også feil, seier administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund (NLF) til NRK.

Difor har NLF fremma eit forslag som statssekretæren no er positiv til.

– Eg meiner det må på plass eit nytt europeisk sanksjonsregime der ein automatisk mistar retten til å køyra godtransport også i andre land enn det landet ein gjer forbrytinga i, seier Geir A. Mo.

Forsking skal sjå på utanlandske sjåførar

I tillegg til å jobba for å få på plass eit europeisk sanksjonsregime meiner Mo at norske myndigheiter må auka kompetansekravet for å køyra godstransport i Noreg, og dei som kjøper transporttenester må få eit større ansvar.

– Dei som kjøper transport i Noreg må tvingast til å betala det transport kostar, slik at ein har råd til å køyra lovleg, seier Geir A. Mo.

Råkøyring med lastebil på E134

FRÅ VIDEOEN: Her gjer lastebilsjåføren ei forbikøyring i ein sving.

Foto: Privat

Det var BT.no som først omtalte den farlege råkøyringa.

Forskingsprosjektet «Safe Foreign Transport» skal no undersøka om utanlandske sjåførar er dei som køyrer styggast på norske vegar. Tor-Olav Nævestad ved Transportøkonomisk institutt seier til BT at ein veit for lite om følgjer for sikkerheita på vegane når det blir fleire utanlandske sjåførar.

– Held ein drapsmaskin mellom henda

Administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund meiner at råkøyringa til den latviske sjåføren ikkje kan kallast noko anna enn galskap.

– Det er som om han ikkje har skjønt at han held ein drapsmaskin mellom henda sine. Han gir fullstendig blanke i alt som heiter trafikkultur og sikker køyring. Han burde aldri ha vore på ein veg med ein lastebil, seier Mo.

– Kunne ein norsk yrkessjåfør køyrt slik som dette?

– Eg håpar i det lengste at me ikkje får sjå denne typen eksempel med norske yrkessjåførar. Men dei kan også køyra feil og me veit at det er uvettig køyring også blant nordmenn. Heldigvis så er dei underrepresentert, og det viser at den grundige opplæringa me har i Noreg verkar, seier Geir A. Mo.