Hopp til innhold

Statsråden må svare for tryggleiken til barn på hemmeleg adresse

Stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) meiner app-feilen i Bergen kunne fått fatale konsekvensar. – Vi må sikre at dette ikkje skjer i andre kommunar, seier ho.

Vigilo-appen i bergen kommune

VIGILO: Bergen kommune tok i bruk appen Vigilo til skulestart no i haust.

Foto: Therese Pisani / NRK

Tryggleiksbrotet i datasystema i Bergen skapar reaksjonar. Etter at informasjon om barn på hemmeleg adresse gjennom appen Vigilo blei gjort tilgjengeleg mellom anna for foreldre med besøksforbod, har lokalpolitikarane kritisert skulebyråden for ikkje å informere godt nok.

No blir saka gjenstand for nasjonal debatt.

Medlem av familiekomiteen på Stortinget, Silje Hjemdal (Frp), har sendt skriftleg spørsmål til digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H).

Med tilvising til saka i Bergen spør ho om statsråden vil vurdere eit initiativ overfor kommunane for å sikre barn på hemmeleg adresse.

«Slike svikt kan få fatale konsekvenser for barn og deres familier», skriv Hjemdal i spørsmålet.

– Sjølv om det er eit kommunalt ansvar, vil eg løfte problemstillinga fordi eg meiner at kommunalpolitikarane må ha ein meir bevisst haldning til digitalisering, seier Hjemdal til NRK.

Silje Hjemdal, Frp, bystyret juni 2017

KRITISK: Silje Hjemdal (Frp), her frå bystyret i Bergen, sit no i familiekomiteen på Stortinget.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ikkje rom for å feile

Datafeilen i Bergen skjedde då kommunen skulle samle inn ei liste over folk frå Folkeregisteret. Lista hadde ikkje informasjon om forhold som hemmeleg adresse eller barnevernshistorikk, og kommunen måtte legge inn denne informasjonen sjølv.

Under ei oppdatering fall denne informasjonen ut, og innloggingsinformasjon blei sendt ut til alle på den uredigerte lista kommunen hadde fått frå Folkeregisteret.

Etter at feilen tilfeldig blei oppdaga av ei mor, snakka kommunen med dei familiane som kunne vore utsett for risiko, men har ikkje avdekka at svikten har fått konsekvensar.

Det kunne gått mykje verre, meiner Hjemdal.

– Det er ikkje rom for å feile i desse sakene. Dette er menneske som har eit stort behov for å føle seg trygge i kvardagen, og ein kan ikkje ha det slik at det er tilfeldig om det går bra, seier ho.

Nikolai Astrup

MÅ SVARE: Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) må svare på stortingsrepresentant Silje Hjemdals spørsmål om barn på hemmeleg adresse.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Veldig alvorleg

Hjemdal meiner ansvaret for saka ligg hjå skulebyråden i Bergen, men ønsker seg samstundes ein nasjonal gjennomgang av korleis kommunane handsamar personvernopplysningar i samband med digitalisering av stadig fleire tenester.

– Vi må sikre at dette ikkje skjer i andre kommunar. Gud forby at det allereie har skjedd, seier Hjemdal.

Hjemdal seier ho i tillegg til det skriftlege spørsmålet vil ta opp saka i stortingsgruppa, og med familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) når han er tilbake frå permisjon.

– Det viktigaste no er å verne barn på hemmeleg adresse, og sikre måten vi handsamar informasjon om dei på. Med spørsmålet håpar eg prosessen begynner. Dette er veldig alvorleg, seier Frp-politikaren.