Hopp til innhold

Statsråden ber Fjell og Bergen kutte kostnadar

Samferdsleministeren ber lokalpolitikarane om å leite etter kostnadskutt, etter at NRK i går fortalde at staten må ut med 2,5 milliardar meir dersom Sotrasambandet skal realiserast.

Ketil Solvik-Olsen

KUTT: Samferdsleministeren ber lokalpolitikarane finne ut korleis dei kan få ned kostnadane.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

I går fortalde NRK at nye utrekningar viser at staten må ut med 2,5 milliardar meir enn ein rekna med.

Allereie i 2017 er det planlagt byggestart for prosjektet.

– Det er ikkje slik at politikarar peikar på det dei vil ha og så kjem det med i budsjettet. Ein må tenke på kva det vil koste skattebetalarane først, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

To milliardar dyrare på tre år

Berre sidan 2013, då prosjektet kom inn i Nasjonal Transportplan, har kostnadane auka med to milliardar.

– Hundre millionar her, og hundre millionar der. Det blir fort pengar av det, og det er pengar vi bør spare. Det er ein jobb som kommunar, fylkeskommunar og vegvesenet må gjere saman, seier ministeren.

Det som ein gong var eit bruprosjekt har blitt til 10 km med ny firefeltsveg mellom Kolltveit i Fjell og Storavatnet i Bergen.

Sotrasambandet

DYRARE: Å ferdigstille det nye Sotrasambandet har blitt to millardar dyrare sidan prosjektet kom inn i NTP i 2013.

Foto: Statens vegvesen

– Må ha betre bru

I tillegg gjer nye krav om nullvekst i biltrafikken og fleire elbilar at potensialet for hente inn bompengar blir redusert.

– For meg er det viktig at vi skal bygge mest mogeleg veg. Vi må få på plass eit betre bru ut til Sotra enn den som står der i dag, men der finst mange måtar å løyse ei utfordring på og då må ein også ha kostnadane med i tankane når ein gjer den jobben, seier Solvik-Olsen.

Sjølv om han ikkje vil love pengar til brua, er han klar på at ei ny Sotrabru står høgt på regjeringa si prioriteringsliste.

– Vi har sagt at det er eit prioritert prosjekt for oss. Så får vi sjå kva kostnadane blir når Vegvesenet er ferdig med sitt arbeid. Vi er opptatt av å halde dei nede, seier samferdsleministeren.

Vurderer å dele opp prosjektet

Ordførar i Fjell, Marianne Sandal Bjorøy frå Arbeidarpartiet, vedgår at dei har vurdert å dele opp prosjektet i fleire etappar, men ho håpar at lokalpolitikarane slepp.

– Vi kjem til å gjere alt i vår makt for at bygginga ikkje blir utsett, men den kan vere at vi må stykke opp litt og ikkje ta heile prosjektet på ein gong. Men no ventar vi på neste Nasjonal Transportplan og håpar dette berre er ei uro det ikkje er grunnlag for, seier Bjorøy.

Likevel plager det ordføraren at dei ikkje har klart å få eit svar på om staten er klare for å ta rekninga.

– Vi håpar at staten også ser at dette er eit veldig viktig prosjekt for vår region, og at føl opp med meir midlar, seier Bjorøy.

Marianne Sandahl Bjorøy

VIL AT STATEN SKAL BETALE: Ordførar i Fjell Marianne Sandal Bjorøy, seier ho vil gjere alt i si makt for at målet om byggestart i 2017 blir realisert.

Foto: Siri Løken / NRK