Statsraaden til topps
Statsraad Lehmkuhl vart i går kveld offisielt tildelt førsteplassen for dei store klasse A-skutene under The Tall Ships’ Races på etappen Antwerpen-Lisboa.
Statsraaden fekk ytterlegare ei pris for størst internasjonalt mannskap om bord.
– Det var ei utruleg spanande regatta med alt frå kuling til vindstille. Me er utruleg stolte over skip og mannskap, seier direktør i Stiftelsen Seilskuten Statsraad Lehmkuhl.