Sjå Statsraaden komme heim etter Tall Ships-sigeren

Vinnaren av årets Tall Ships' Races kom heim til Bergen i dag, med sjanti-song og til applaus.

Etter to måneders fravær vendte Statsraad Lehmkuhl hjem igjen til Bergen, med et fersk gull i lasten.

SJÅ VIDEO: Stor stemning og høg sjantisong i Vågen då Statsraad Lehmkuhl kom heim.

Statsraad Lehmkuhl, som har Bergen som heimehamn, stakk av med samanlagdsigeren i årets Tall Ships' Races.

Skipet har vore på sjantitokt frå La Coruña i Spania til Dublin i Irland etter sigeren, men har vendt nasen heimover denne veka.

I dag kom skipet heim igjen med gullet til Bergen med syngande medseglarar i mastene, etter å ha vore vekke frå heimbyen i to månadar.

Statsraad Lehmkuhl i Bergen august 2016

KOM HEIM: Etter å ha vore vekke to månadar, vende Statsraad Lehmkuhl heim igjen i skikkeleg bergensvêr.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Stor jubel

Rundt 100 var møtt opp på Bradbenken i Bergen for å ønskje skipet heim igjen, trass i eit særs dårleg augustvêr i vestlandshovudstaden.

Norske flagg vaia i vinden, medan sjantisongen frå mastene på Statsraad Lehmkuhl ljoma utover Vågen.

Då skipet var til kai, fortsette songen medan kulturbyråd Julie Andersland (V) gjekk om bord for å overrekke blomster og gratulasjonar til vinnarane. Der var også ordførar Marte Mjøs Persen (Ap), som var med på innseglinga innover mot Bergen.

Vann to etappar

Statsraad Lehmkuhl vann både første og andre etappe av den internasjonale seglregattaane. Første etappe gjekk frå Antwerpen til Lisboa, medan andre etappe gjekk vidare til Cádiz. I den tredje etappen tok bergensskipet ein tredje plass.

Det var nok til å gi skipet samanlagdsigeren.

– Ei fantastisk bragd, seier kapteinane Marcus Seidl og Jens Joachim Hiort i ei pressemelding.

Se video fra etappen fra Antwerpen til Lisboa:

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.