Hopp til innhold

Statsministeren kom til slutt

Statsminister Jens Stoltenberg fekk med seg nærare 19 000 underskrifter mot kraftlina då han forlet Hardanger måndag kveld.

Stoltenberg får underskifter

Tidlegare leiar i Granvin Ungdomsråd, Synnøve Kvamme, gir ein solid bunke med underskrifter mot 'monstermastene' til statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Ketil Jordan

- Me vil at de skal utsetja byggjestart til undersøkingane om sjøkabel er ferdige, sa tidlegare leiar i Granvin Ungdomsråd, Synnøve Kvamme, då ho gav statsministeren den solide bunken med underskrifter mot dei såkalla "monstermastene" i Norheimsund måndag kveld.

Men underskriftene endrar truleg lite.

- Uansett kva for alternativ som vert valt, skal ein tredjedel av strekket gå i luft. Derfor er det viktig og riktig å starta anleggsarbeidet no, sjølv om sjøkabelalternativet vert undersøkt, seier statsministeren.

- Litt arrogant

Fleire hundre menneske hadde samla seg på kaia i Norheimsund for å møta Stoltenberg då han kom med båt frå Granvin i 17-tida måndag. Men statsministeren stoppa ikkje, og folkemenga byrja å bua.

- Eg synest han var litt arrogant som gjekk rett forbi oss, seier Kvamme, som har leia motstanden mot mastene i Hardanger.

Først to timar seinare, etter møtet med lokalpolitikarane, tok Stoltenberg seg tid til dei av aksjonistane som framleis var att på kaia.

- Planen var heile tida at eg skulle snakka med dei etter møtet, seier Stoltenberg.

LES OGSÅ: På krafttur i Hardanger | Stoltenberg møtt av demonstranter

(Artikkelen held fram under videoen)

Byggjestart i oktober

Video Statsministeren besøkte Hardanger

I løpet av dagen var Stoltenberg innom kommunane Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam, og han diskuterte utbygginga mellom Sima og Samnanger med mellom anna Hardangerrådet.

- Det har vore ein veldig nyttig og hyggeleg dag. Eg har møtt mange engasjerte menneske som har ulike meiningar om saka, seier Stoltenberg.

- Kjenner du deg velkomen i Hardanger?

- Jo, det har vore eit godt møte med Hardanger i dag, svarar statsministeren.

LES OGSÅ: Arbeidet skal starte

Ifylgje Statnett er byggestart no like rundt hjørnet.

- Me planlegg anleggsstart i oktober, seier konserndirektør Håkon Borgen til bt.no.