Hopp til innhold

Statsministeren gir golfkølla «Bergen» til Donald Trump

Erna Solberg har med seg ei personleg gåve til den golfglade amerikanske presidenten.

Donald Trump og gåva frå Erna Solbergn

GÅVE MED BERGENSVRI: Den amerikanske presidenten er glad i golf. Statsminister Erna Solberg tok med putteren «Bergen» i gåve til Trump.

Foto: NICHOLAS KAMM (AFP)/Statsministerens kontor / Montasje

Statsminister Erna Solberg møter president Donald Trump i Det kvite hus i kveld norsk tid. Temaet for møte er mellom anna internasjonale spørsmål, Nato-samarbeid og norsk-amerikanske interesser.

Før møtet med den amerikanske presidenten avslører Erna Solberg til NRK at ho har med seg ei gåve som kanskje er mest passande for den største fritidsinteressa hans.

– Han får ein putter som heiter «Bergen». Det blir nok ei nyttig gåve, seier Solberg om golfkølla ho har tatt med seg til USA.

Putteren Bergen som Erna Solberg gav til Trump

GÅVE: Her er putteren som statsminister Erna Solberg har med seg. Selskapet bak golfkølla vart grunnlagd av Karsten Solheim frå Austrheim utanfor Bergen.

Foto: Statsministerens kontor

Norsk emigrant frå Austrheim

Ho er ikkje i tvil om at gåva vil falle i smak hjå Donald Trump.

Den amerikanske presidenten har fått kritikk frå dei som meiner han kanskje brukar vel mykje tid på golfklubben Mar-a-lago i Florida.

Putteren «Bergen» er laga av produsenten Ping.

Selskapet vart grunnlagd av Karsten Solheim frå Austrheim utanfor Bergen. Han emigrerte til Seatle i USA som ung mann og utvikla golfkøller heime i garasjen på 1950-talet.

– Så vi har funne ein bergensvri på dette, kommenterer Solberg, og legg til at ho gler seg til å møte USAs president.

– Det er ein viktig jobb å ta vare på norske interesser og det er viktig å møte leiaren for den største økonomien i verda.

Solberg møter Trump

MØTE: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg i Washington der dei skal møte den amerikanske presidenten i dag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix