Hopp til innhold

Statoil-tilsette frå Algerie landa fredag kveld i Bergen

Eit fly med nordmennene som slapp unna terroristane i Algerie landa fredag kveld på Bergen lufthamn Flesland. Ein mann blei køyrd til sjukehus med politieskorte.

Fly med Statoil-ansatte

Dette er flyet dei Statoil-tilsette kom i til Bergen fredag kveld.

Foto: Frank Bremnes/NRK

Rundt klokka 19.30 fredag kveld landa eit fly som skal vera flyet med nordmennene på Bergen lufthamn Flesland.

Politiet var til stades med fleire patruljer då flyet landa på Flesland.

Statoil sa tidlegare i dag at dei fem Statoil-tilsette som slapp unna dramaet i In Amenas ville komma til Bergen i kveld , fire nordmenn og ein canadiar. Det skal vera desse fem som landa på Flesland rundt kl. 19.30.

Lars Christian Bacher

BEKREFTAR: Konserndirektør for internasjonale operasjonar i Statoil, Lars Christian Bache

Foto: Kent Skibstad / NTB Scanpix

Då dei landa blei dei henta i buss på rullebana og dei blei køyrt rett til pårørandesenteret som er på eit hotell på Kokstad, like i nærleiken av flyplassen.

Til sjukehus med politieskorte

Ein mann blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus med politieskorte, skriv VG.no fredag kveld.

– Vi har ein mann som kom med ambulansefly direkte frå sjukehuset i In Amenas. Han blei flydd direkte til Flesland. Situasjonen hans er stabil, fortel konserndirektør Lars Christian Bacher til avisa.

Mannen skal ikkje vere alvorleg skadd.

Statoil vil ikkje gi kommentar før laurdag

Statoil sin talsperson på pårørandesenteret seier til NRK at dei har eit tilstrekkeleg apparat til å ta i mot dei som i kveld kom. Statoil seier vidare at dei ikkje vil gi ytterlegare kommentarar i kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statoiltilsette landa fredag kveld i Bergen

Fleire politipatruljer var på Flesland og ved pårørandesenteret på Kokstad då flyet med nordmenn som har vore i Algerie landa i Bergen.

Foto: NRK

Framleis uavklart for åtte nordmenn

Onsdag gjekk terroristar til angrep på eit gassanlegg i In Amenas i Algerie, der Statoil er ein av operatørane. Ni Statoil-tilsette blei tatt til gisslar av terroristane, medan fem Statoil-tilsette tidleg greidde å komma seg i sikkerheit.

Fredag morgon blei det stadfesta at ein av dei ni nordmennene som blei tatt til gissel var kome i sikkerheit . Denne mannen blei sendt til eit sjukehus i In Amenas der han får medisinsk behandling.

Situasjonen for åtte nordmenn og kva som no skjer på gassanlegget er fredag kveld framleis uavklart .

I tillegg til dei fem Statoil-tilsette som fredag kveld kom til Bergen, skal også nordmenn som jobbar ved andre anlegg i Algerie vera komne tilbake til Noreg, eller på veg hit. Totalt skal 40 norske Statoil-tilsette ha blitt trekt ut frå Algerie.

LES OGSÅ: – Greier ikkje å jubla sjølv om mannen kjem heim