Tidlegare denne veka vart det klart at Statoil skal setje 209 årsverk i Noreg ut til eksterne leverandørar. Dei som mistar jobben, har ifølgje Dagens Næringsliv fått dette valet: Tilsette mellom 58 og 62 år kan gå av med pensjon og få 66 prosent av lønna fram til dei når ordinær pensjonsalder. Tilsette som tar imot jobbtilbod hos ein av dei tre nye tenesteleverandørane, får inntil éi årslønn i overgangsbonus. Dei som tar sluttpakke, får inntil to årslønner i tillegg.
– Vi vil ta i bruk eit verkemiddel som er ei god løysing for kvar enkelt, seier informasjonsdirektør Jannik Lindbæk jr. til avisa.
Statoil har fått kritikk for sluttpakkane sine før, både fordi dei kostar selskapet mykje, og fordi dei fører til at kompetente personar trer ut av arbeidslivet for tidleg – i strid med det styresmaktene ønskjer. Da Statoil tok over oljedivisjon i Hydro i 2007, tok 2.100 tilsette over 58 år sluttpakke, noko som kosta selskapet 8,4 milliardar kroner.
Hovudtillitsvald Per Helge Ødegård i Lederne i Statoil har vondt for å skjønne at Statoil kan tene pengar når dei skal betale både for tenester frå eksterne leverandørar og dyre gullpakkar.