Hopp til innhold

Staten slepp Rocknes-erstatning

Feil navigering, ikkje feil på sjøkarta, førte til at Rocknes forliste og 18 menneske omkom i 2004. Det er resultatet etter at Høgsterett sitt ankeutval no har sett sluttstrek i saka.

Sju år etter at Rocknes havarerte i Vatlestraumen i Nordhordland, og 18 personar mista livet, er avgjerda klar: Staten er frikjent for erstatningsansvaret. Dei 13 forsikringsselskapa som saksøkte staten etter forliset, får demred ikkje gjennomslag for kravet om over 500 millionar kroner.

Sluttstrek i ei betent sak

LES OGSÅ:

| Kartverket sikta etter Rocknes-forlis | Rocknes-rapport klar |

I 2009 dømde Oslo Tingrett staten til å betala nesten 23 millionar kroner til fleire forsikringsselskap, men domen vart anka, og i januar i år kom Borgating Lagmannsrett fram til at den norske stat slepp å betala kravet. No har altså ankeutvalet til Høgsterett sett strek ved å ikkje tillata anken framført for Høgsterett.

Skulda Kystverket for dårleg merking

Forsikringsselskapa saksøkte opphavleg staten for 580 millionar kroenr, fordi Kystverket ikkje hadde merka grunnen utanfor Reveskolten fyr i Vatlestraumen. Tingretten var altså einig i denne skuldinga, medan lagmannsretten oppfatta årsaka til forliset annleis.

Dårleg sikt, vanskelege straumforhold og lågvatn er faktorar som ifølgje den endelege domen gjorde at losen og dei andre ombord fekk ei feilaktig forståing av kvar Rocknes faktiskvar i høve til grunna.

Feilnavigering skuld i havariet

Den vesentlegaste årsaka til grunnstøytinga må etter lagmannsretten sitt syn dermed vera feilnavigering. Dermed er retten einig med staten i at mangelfulle sjøkart ikkje kan sjåast på som utslagsgjevande, heiter det i domen.

Forsikringsselskapa må ut med 64.800 kroner i sakskostnader til staten, ifølgje NTB.