Hopp til innhold

Opnar fjerde gransking av Statoil på ein månad

Petroleumstilsynet har bestemt seg for å granska gasslekkasjen som evakuerte 600 personar på Mongstad førre veke.

Mongstad

EVAKUERT: 600 personar vart evakuert frå Statoil sitt anlegg på Mongstad førre veke.

Foto: Bergen Foto og Media

Det var 25. oktober at det oppstod ein hydrogenlekkasje i bensinanlegget på oljeraffineriet til Statoil på Mongstad. 600 personar vart evakuert då lekkasjen vart oppdaga.

Statoil har sagt at det kunne vere fare for eksplosjon, om gassen hadde tatt fyr. No har Petroleumstilsynet (Ptil) bestemt seg for å granska den alvorlege hendinga.

– I tida etterpå har me fått meir informasjon om hendinga og har dermed bestemt oss for at dette er ein lekkasje me vil etterforska, seier pressekontakt Øyvind Midttun i Ptil til NRK.

Meir alvorleg

Øyvind Midttun, pressekontakt i Petroleumstilsynet

NY GRANSKING: Pressekontakt Øyvind Midttun i Petroleumstilsynet fortel at tilsynet har opna fire granskingar mot Statoil på ein månad.

Foto: Petroleumstilsynet

Midttun vil ikkje gå inn på kva informasjon Ptil har fått den siste veka, men informasjon er tydelegvis alvorleg nok til at tilsynet startar gransking. Informasjonen om hendinga har dei fått av Statoil.

– Det er klart at gass på avvege er alvorleg. Og me veit at hydrogen er ein eksplosiv gass, og det er ein totalvurdering av hendinga som gjer at me set i verk ein eigen gransking, forklarer Midttun.

Fire granskingar på ein månad

Dette er den fjerde granskinga som Ptil opnar mot Statoil på ein månad. Ptil legg ikkje skjul på at dette er svært spesielt.

– Det er svært mange granskingar i løpet av kort tid. Me spør oss kvifor dette skjer. I tillegg til desse fire hendingane som vert granska, så har det vore andre uønskte hendingar på Statoil sine anlegg eller felt, fortel Midttun.

Statoil seier dei vil bistå tilsynet i granskinga.

- Vi har sjølv starta vår eigen gransking av hendinga. Vi vil sjølvsagt legge til rette, på beste måte, for at Ptil skal få gjennomført si gransking, seier presseansvarleg for landanlegg i Statoil, Elin Isaksen.

Dette er noko vi har vore redde for i lang tid og no er det byrja å skje ein del ting.

Hovudtillitsvald Jan Eirik Feste i fagforbundet Safe

Fem gasslekkasjar og ein brann på to veker

Det har storma rundt Statoil i haust. På berre to veker har selskapet opplevd fleire alvorlege hendingar eller ulukker på sine anlegg:

I tillegg har NRK avdekka at ein IT-arbeidar i India stoppa produksjonen på Mongstad ved ein tastefeil i 2014.

Fleire interne rapportar skildrar korleis Statoil si utflagging av IT-tenester til India har sett tryggleiken i fare.