NRK Meny
Normal

Drepen med kniv - tiltalte hevdar han handla i naudverje

I dag byrjar rettssaka etter drapet på Brattholmen på Sotra i februar. 31 år gamle Kai Albert Foss vart drepen med kniv. 30-åringen som står tiltalt for forsettleg drap hevdar han handla i naudverje.

Politi ved åstedet på Sotra

KNIVSTUKKEN: Kai Albert Foss vart knivstukken i magen utanfor dette huset. Han døydde seinare på Haukeland universitetssjukehus. I dag byrjar rettssaka mot 30-åringen som står tiltalt for forsettleg drap.

Foto: Espen Hatlestad/NRK

Kai Albert Foss

RETTSSAK: I dag byrjar rettssaka etter drapet på Kai Albert Foss på Sotra i februar i år.

Foto: Privat

Det var på kvelden 3. februar i år. Ein gjeng var samla for å sjå fotballkamp i eit bustadhus på Brattholmen på Sotra. Utfallet vart uendeleg tragisk.

Den natta fekk politiet melding om slåsting mellom to personar utanfor huset. Då dei kom fram konstanterar dei at ein person var alvorleg skadd. Seinare døyr personen av skadane på Haukeland universitetssjukehus.

Tiltalt for forsettleg drap

31 år gamle Kai Albert Foss var i løpet av natta blitt stukken med kniv og drepen. Ein 30 år gamal mann som budde i kjellarbustaden vart arrestert og sikta for forsettleg drap.

Tidlegare denne månaden vart 30-åringen tiltalt for forsettleg drap. Han risikerer tolv års fengsel.

– Vi meiner at tiltalte har sett det som sikkert eller sannsynleg at fornærma ville døy av handlingane han utførte, seier førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.

Blødde i hel

Etter det NRK kjenner til, skal avdøde ha kome til staden for å hente bilen sin hjå den tiltalte. Samstundes skal han ha vore irritert over at sambuaren hans ikkje ville bli med han heim. Dette skal den tiltalte 30-åringen ha reagert særs negativt på.

Vitne har forklart at Foss køyrde frå staden, men kom raskt tilbake. Då han kom tilbake og stod utanfor bustaden med motoren i gong, skal 30-åringen plutseleg reist seg opp og gått ut. Ute oppstår det ein konfrontasjon.

Kort tid etter ligg Foss døyande på bakken, sterkt blødande frå magen medan tiltalte blør frå eit stikksår på venstre arm.

Ingen av dei to andre som var til stades i kjellarbustaden skal ha sett drapshandlinga.

Hevdar han handla i naudverje

Den tiltalte 30-åringen har erkjent at han stakk Foss, men har heile tida hevda at han handla i sjølvforsvar.

Han vart også sendt til Haukeland og operert for stikkskadar etter konfrontasjonen i leilegheita.

– Det er det saka handlar om. Han har heile tida hevda at han handla i sjølvforsvar. Han seier han vart stukken først, og at han då prøvde å komma seg laus og stakk tilbake, seier Randulf Schumann Hansen som forsvarar 30-åringen.

– Det har han sagt frå første stund, og derfor erkjenner han ikkje at han har handla på ein straffbar måte, legg Schumann Hansen til.

Trur ikkje på 30-åringen

Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen

– IKKJE GRUNNLAG FOR NAUDVERJE: Det meiner statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Tiltalte har vore tydeleg på at han handla i naudverje. Påtalemakta har tatt ut tiltale for forsettleg drap. Det inneber at vi ikkje meiner det er grunnlag for naudverjevurderingar i denne saka, forklarar statsadvokat Stolt-Nielsen.

Han fortel at 30-åringen også er tiltalt for bruk av ulovlege stoff.

– Han er tiltalt for bruk av illegale rusmiddel. Detaljane vil kome fram under rettssaka.

– Det eg kan seie er at det har vore inntak at rusmiddel, noko meir kan eg ikkje seie, fortel forsvararen.

Sett av fem dagar

Det er sett av fem dagar til rettssaka i Nordhordland tingrett, og ei rekkje vitne skal møte i retten.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.