Hopp til innhold

Står i kø for å jobbe gratis i jula

Over heile landet merkar organisasjonar at stadig fleire droppar tradisjonell julefeiring for å hjelpe andre. Kirkens Bymisjon i Bergen opplever at så mange vil jobbe frivillig i jula, at dei har sagt stopp.

Korskirken

KORSKIRKEN: Julaftan blir det arrangert middag i Korskirken i Bergen. Der er det fullt opp med mange frivillige hjelparar. Desse jentene hadde i føremiddag stilt seg opp for å gi gratis kaffi og kaker til dei heimlause.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Eiel Holten

KIRKENS BYMISJON: Eiel Holten er prest i Kirkens Bymisjon.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

– Eg trur det er noko som ligg djupt i oss, at me har lyst til å gjere noko, at me har lyst til å bidra, seier Eiel Holten, prest og avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon.

Det har vore julefeiring for alle i Korskirken i Bergen sidan 1970-talet, og totalt er opp mot 600 menneske innom i løpet av julekvelden for å nyte julemat og selskapet. Holten er koordinator for det heile.

– Kvart einaste år er det slik at fort 80–90 personar på listene som vil vera medarbeidarar. Det me ser i år er at heile familiar med to-tre ganske vaksne ungar melder seg, og så feirar dei jul saman som frivillige medarbeidarar, seier han.

– Kanskje leie familiesirkuset

Torill Christine Lindstrøm

PROFESSOR: Torill Christine Lindstrøm.

Foto: UiB

Professor i samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen, Torill Christine Lindstrøm, trur det kan vera fleire motiv ved at mange ynskjer ei annleis jul med å vere frivillig.

– Ting kan spisse seg veldig til i jula. Viss det er konfliktar eller uvennskap i familien, så kan ein komme seg unna ved å seie at i år skal eg hjelpe Kirkens SOS, Røde Kors eller andre, seier ho.

– Dei er kanskje luktande leie det store familiesirkuset på julaftan. Dei synst kanskje julaftan er for anstrengande og for masete, og vil heller ha litt meir meining i det og gjere noko annleis, legg ho til.

– Kan seie eg har gjort mitt

Kjell Monsen og Bjarne Frantzen

FRIVILLIG: Kjell Monsen og Bjarne Frantzen.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Uansett motiv er det arbeid som må gjerast i Korskirken i jula, og mange er med, år etter år. To av hjelparane som er nokså nye i år er pensjonistane Kjell Monsen og Bjarne Frantzen. Dei er med i Lions, og vart spurt om å bidra.

– Eg synst det er veldig givande å jobbe med slike ting. Når me ser all elendet rundt oss, så synst eg det er bra når me ser at me kan gjere noko positivt, seier Monsen.

– Det er typisk eit slikt enkeltmannsløft, at ein får lette samvitet litt. Når eg går herifrå kan eg gå med strak rygg og seie eg har gjort mitt, seier Frantzen.