Stappfullt då bygda fatta vedtak som kan gi dei 310 millionar på deling

HALSNØY (NRK): 764 stemte ja då eigarane av kraftselskap gjorde vedtak som opnar for å legga seg ned. – Ikkje mange som seier nei takk til 200.000 kroner over natta.

Stemmeavgivning i Fjelberg kraftlag på Halsnøy

AVGJORT: Fleire hundre medlemer i det vesle kraftselskapet fekk tilbod om å stemma før møtet var i gang fordi det ikkje var plass til dei.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

851 av dei 1149 medlemmane i Fjelberg kraftlag i Kvinnherad var representerte på det ekstraordinære årsmøtet i Halsnøy samfunnshus torsdag kveld.

Mange hundre medlemar fekk ikkje plass i salen, men fekk tilbod om å stemma før debatten og forlata møtet. Mange måtte følga møtet på video frå andre rom i samfunnshuset.

Spørsmålet var enkelt: Ja eller nei til å omdanna samverkeselskapet Fjelberg kraftlag til eit reint aksjeselskap – for deretter å kunna fusjonera med storaktøren Haugaland kraft.

Av dei 851 representerte medlemene stemte 764 stemte ja og 84 nei. Det sikra nesten nitti prosent overvekt.

Kristoffer Vannes

STYRELEIAR: Sverre Olav Handeland fekk brei støtte.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Slik kan utbetalinga skje

Fusjonsplanane går ut på at Fjelberg Kraftlag AS får aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 310 millionar kroner.

Ifølgje avtaleutkastet kan Fjelberg Kraftlag så krevja å få selja aksjane tilbake til Haugaland Kraft AS innan neste år – altså å ta ut dei 310 millionane. Deretter kan Fjelberg Kraftlag vedta å leggja seg ned og fordela selskapsverdien mellom dei 1149 eigarane.

I eit informasjonsmøte tidlegare i haust åtvara fungerande dagleg leiar Kristoffer Vannes mot å fortelja offentlegheita om planane. Om å betala ut heile formuen til det 70 år gamle selskapet på deling.

– Jo mindre av det som du drar opp kjem ut i avisene og til Stiftelsestilsynet, jo sikrare er du på å få pengane i di lomme, sa Vannes.

Selskapet har ein føremålsparagraf om å vere nyttig for lokalsamfunnet.

Difor har mellom anna tidlegare styreleiar i Fjelberg Kraftlag, Per Ove Kviteberg, reagert kraftig på planane.

– Fleirtalet og styret tenker feil, for dei har ikkje eigedomsrett til den formuen som er skapt av fellesskapet gjennom 70 år. Men resultatet var som forventa, og me som er mot må respektera avgjerda, sa Kviteberg til NRK etter møtet.

ekstraordinært årsmøte i Fjelberg Kraftlag, Halsnøy Samfunnshus

FULLSETT: Samfunnshuset på Halsnøy var fullsett under det ekstraordinære årsmøtet. Ordførar og medlem i kraftlag Peder Sjo Slettebø framme til venstre.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Billegare nettleige og sikrar straum

Tor Bjelland er ein av dei 1149 medlemmane:

– Eg er veldig nøgd no. Me får billigare nettleige og sikrare straumforsyning. Og så er det jo ikkje mange som seier nei takk til å få 150–200 tusen kroner utbetalt nærmast over natta. Men ein del midlar bør også gå til samfunnsnyttige føremål i lokalsamfunnet, seier Tor Bjelland.

Kravet var minst 80 prosent fleirtal for å omdanna til AS. Styreleiar Sverre Olav Handeland er glad for støtta frå om lag ni av ti.

Han avviser at han har skapt forventningar om at heile selskapsverdien på 310 mill. kr etter fusjonen skal delast mellom dei 1150 straumkundane som er medlem.

Styreleiaren meiner nye krav og rammevilkår frå styresmaktene gjer drifta for dyr og vanskeleg for små straumselskap.

– Fusjon med ein større aktør er naudsynt for å sikra kundane våre sikker straumforsyning og billigare nettleige. Hordaland Kraft gir ein god pris for Fjelberg Kraftlag og garanterer våre tilsette jobb i 15 år, seier Handeland.

Peder Sjo Slettebø

ORDFØRAR: Peder Sjo Slettebø (H) i Kvinnherad kommune.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tilsynet kan stansa pengeutbetaling

Vanlege hushaldningar er førespegla om lag 150.000 kroner, medan Kvinnherad kommune som største straumkunde vil kunna få 30 millionar kroner.

Kommunen har allereie rekna med dette i investeringsbudsjettet for 2018.

Stiftelsestilsynet har allereie gått langt i å antyda at dei vil sjå nøye på saka i Kvinnherad, som har skapa splid i politikken.

– Eit veldig godt vedtak, meiner den inhabile ordføraren Peder Sjo Slettebø (H).

Han er medlem i kraftlaget og stemte som privatperson på møtet.

Han er kritisk til at han er utsett for skuldingar om å ha hatt hemmelege møte med fusjonspartane sjølv om han er inhabil

– Eg har ikkje hatt skjulte møte.

Årsmøtet har no røysta over omdanninga til AS, og i februar skal medlemmene igjen møtast for å røysta over om dei skal selja til Haugaland Kraft.