Denne bilen var den andre dei to personane stal tysdag. Den enda på sida midt i vegbana på riksveg 7 ved Synsendammen.
Deretter prøvde mannen å stikke av med denne bilen, men vart stogga av bileigar.
Etter det klarte han å få tak i ein tredje bil ved Leiro brøytestasjon, og sette kursen mot Eidfjord igjen. Turen enda i grøfta her og mannen vart arrestert av politiet.
Dei to var svært rusa og aggressive, men politi og brannvesen fekk til slutt kontroll på dei to. Dei blir no frakta til Bergen.