NRK Meny

Køyrde inn i bil – stakk av

Politiet leitar etter ein bilførar som sprang frå staden etter å ha køyrd inn i ein bil bakfrå på E39 i Bergen.

Kollisjon på E39

STAKK AV: Politiet leitar etter sjåføren som køyrde inn i ein bil bakfrå ved Fjøsanger Miljølokk på E39.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

– Det har vore ein påkøyrsel bakfrå. Føraren av bilen som køyrde på har sprunge frå staden, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Erichsen.

– Me veit kva retning mannen har sprunge. Så må vi lokalisere han og finne ut kvifor han sprang, seier han.

Politiet fekk melding om hendinga på E39 sør for Bergen klokka 17.11 og var på staden med tre bilar klokka 17.18. Begge airbagane var utløyst i bilen som køyrde inn i bilen bakfrå.

Til legevakt

Personen i bilen som vart påkøyrd er sendt til legevakt for ein sjekk, fortel operasjonsleiar Erichsen til NRK klokka 18.00.

– Vedkommande fortalde om smerter i nakken.

Påkøyrselen skjedde i avkøyringsrampa i Fjøsangerveien der ein kan ta av frå E39 til Rv556.

NRK oppdaterer saka.

Siste video

Se opptak av Vestlandsrevyen mandag
Kjell Steinset i einsam majestet mot ein av sine fire NM-titlar i Knarvik.
Den flytende vindparken Hywind Pilotpark skal produsere strøm utenfor kysten av Skottland. Nesten hele konstruksjonen settes sammen på Stord.