Hopp til innhold

Vart ikkje operert – stakk frå sjukehuset

Helge (52) hadde store smerter og orka ikkje vente meir på behandling. Til slutt stakk han frå Haukeland. Få timar seinare var han operert på eit anna sjukehus.

Helge Fimland

GLAD: Her smiler Helge Fimland igjen, etter å ha blitt operert på Voss sjukehus. Men dagane før var svært frustrerande for 52-åringen.

Foto: Privat

Når ikkje dei kunne operere, måtte eg finne nokon andre som kunne gjere det.

Helge Fimland (52)

– Eg fann meg ikkje i å bli behandla slik. Då var det berre å ta saka i eigne hender og reise frå Haukeland, fortel 52 år gamle Helge Fimland til NRK.

Historia hans byrjar onsdag 14. mai. Då vart han operert for navlebrokk på Voss sjukehus. Men etter få dagar merka han at ikkje alt var som det skulle. Det verka meir og meir i magen, og søndag 18. mai tok han kontakt med legen sin i Knarvik. Der vart det bestemt at Helge måtte til Haukeland med ein gong.

Haukeland universitetssykehus

STAKK AV: Helge Fimland var ikkje nøgd med tilbodet han fekk på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Då 52-åringen kjem til universitetssjukehuset i Bergen og blir innlagt på akuttmottaket. Ein mistenkjer at det har gått infeksjon i såret etter operasjonen på Voss.

Store smerter

Helge vert lagt inn på kirurgisk avdeling same kveld. Måndag vaknar han av at det framleis gjer vondt i mageregionen.

– Det «sprenger» meir og smertene er sterke. Ein lege kom inn på rommet, snitta opp to-tre sting på operasjonssåret og ut fossa det infisert væske, fortel Fimland.

Legen stikk så inn ein slange som skyl ut den infiserte væska, men tysdag har magen vakse att og smertene er tilbake. Helge byrjar å miste tolmodet.

Klokka 11.00 tysdag er ein lege innom for å undersøke stoda. Ifølgje Helge meinte han at det måtte leggast inn eitt dren som kunne hjelpe med skylje ut infeksjonen.

– Han skulle ordne papira slik at eg kunne komme til ultralyd for å gjere inngrepet i løpet av dagen eller kvelden.

Stakk frå sjukehuset

Det er lite ønskjeleg at pasientane forlèt sjukehuset utan å vere ferdig behandla.

Klinikkdirektør Trond Haugstvedt ved kirurgisk avdeling på Haukeland

Utpå dagen byrjar smertene å bli av ein slik art at Helge er grundig lei. For han kjennest det ut som den veksande magen kan sprenge når som helst. Han byrjar difor å spørje om når det kan bli aktuelt med operasjon. Ifølge han sjølv får han ikkje noko klart svar, og når vakthavande kirurg kjem innom rommet i 20.00-tida, går Helge frå å vera lei til å bli sint.

– Eg peika på magen min og sa at det her vil eg ha ut i kveld. Så eg spurde om eg ville bli operert i kveld. Då svara han at eg ikkje stod på hans lister, fortel Helge.

Han presiserer at han har stor forståing for at det var meir kritisk og akutt for andre i operasjonskøen, men han reagerer på at han likevel vart dårleg informert.

– Eg ville berre ha eit klart svar, men opplevde å bli heldt for narr heile dagen eigentleg. Eg ville ikkje skyve nokon ut av nokon kø, det er heilt sikkert, men eg ville berre vita. Når svaret til slutt var negativt, pakka eg sakene mine. Når ikkje dei kunne operere, måtte eg finne nokon andre som kunne det.

– Udramatisk

Ein forbanna Fimland set seg i bilen og får dottera til å køyre han til Voss. Han gir beskjed til legane ved Haukeland at det er der han er på veg. På Voss anar han ikkje kva som vil skje.

Voss Sjukehus

HER VART HAN OPERERT: Voss sjukehus opererte etter berre få timar.

Foto: Haukeland Universitetssjukehus

– Det var ein surrealistisk plan, men eg måtte gjera noko.

Haukeland universitetssjukehus seier Fimland hadde teikn til infeksjon i operasjonssåret rundt magen då han kom inn til dei førre søndag.

– Pasienten var i god form og allmenntilstand. Han fekk væske og antibiotika. Medisinsk sett var situasjonen hans udramatisk, forklarar klinikkdirektør Trond Haugstvedt ved kirurgisk klinikk.

Vart operert få timar seinare

Ifølge klinikkdirektør var Fimland sett opp til behandling på røntgenavdelinga.

– Der vert det under rettleiing av ultralyd ført inn eit tynt kateter like under huda og inn til området med infeksjon. Slik kan oppsamlinga av væske og puss tømmast ut. Dette inngrepet går ikkje føre seg på operasjonsstovene, men på røntgenavdelinga.

Halvveges til Voss får Fimland telefon frå lokalsjukehuset. Dei stod klare til å ta han imot. For 52-åringen var det ein fantastisk telefon å få.

Klokka 22.45 er han framme på Voss. Helge vert tatt hand om umiddelbart og klokka 23.25 er den enkle operasjonen over. Det som tok nær to døgn å vente på i Bergen, blir gjort med ein gong på Voss.

– Då var smertehelvetet over.

– På eige ansvar

– Kva tenkjer Haukeland om at pasienten «stakk av» frå sjukehuset på eiga hand?

– Det er lite ønskjeleg at pasientane forlèt sjukehuset utan å vere ferdig behandla, men vi kan ikkje halde dei her dersom dei ikkje ønsker det. Pasienten det er snakk om her reiste ut på eige ansvar med kanyle i armen, svarar Haugstvedt.

Han fortel at dei kontakta Voss sjukehus med ein gong og fortalde om at Fimland var på veg til dei. Men at Haukeland sjølv skulle sende 52-åringen til Voss på grunn av ventetida, var ikkje aktuelt.

– Behandlinga ville blitt utført som planlagd i løpet av natta eller tidleg neste dag. Pasienten reiste sjølv til Voss og fekk gjort det same inngrepet som var planlagd her.

Takkar for omsorga

Helge Fimland vart skrive ut etter nokre dagar på sjukehuset på Voss. Han er reist heim til Knarvik, men går framleis til lege for å skifta bandasjen på magen. I dag skulle han egentlig ha vore tilbake på jobb i Nordsjøen, men Helge er ikkje i form til det.

Det hadde kanskje gått viss eg hadde fått operasjonen på Haukeland like raskt som eg fekk den på Voss, seier Helge som likevel vil takke for omsorga og hjelpa han fekk på sengeposten både i Bergen og på Voss.

– Sjukepleiarane gjorde ein fantastisk jobb og slik som dei sprang såg det for meg ut som dei var underbemanna, seier Helge.

– Men det er for gale at ein må venta tre dagar på eit forholdsvis enkelt inngrep. Det syner mangel på kommunikasjon når ein lege seier han skriv meg opp på venteliste medan ein anna seinare ikkje finn meg der. På Voss hadde eg ein doktor å forhalde meg til og resultatet har ikkje latt venta på seg. Det er bra me har lokalsjukehusa også.