Hopp til innhold

Stafettlaget som bur saman og vinn saman

BERGEN (NRK): For første gong på fire år kunne IL Gular herrar juble over førsteplass i Holmenkollstafetten på laurdag. Vinnaroppskrifta: Eit stafettlag i same kollektiv i Bergen.

Gular vann Holmenkollstafetten

GLAD GJENG: Gular var jublande glade etter å ha vunne over rivalane IK Tjalve med 50 sekund.

Foto: Runar Gilberg / Kondis

– Det gir ein enorm fordel at vi bur saman slik som vi gjer, seier Bjørnar Lillefosse.

I eit gult trehus i Sandviken i Bergen bur han saman med 11 andre løparar frå idrettslaget Gular.

– Dei fleste av oss trenar to gongar dagleg ved sida av studiar eller jobb, og det krev disiplin å legge ned den innsatsen som trengst. Vi dreg kvarandre ut på trening, og hjelper kvarandre i medgang og motgang, fortel Lillefosse.

Ville «ta gullet hem»

Gulargjengen hadde eit klart mål før Holmenkollstafetten: Å slå erkerivalen Tjalve.

– Det har alltid vore litt rivalisering mellom Gular og Tjalve når det gjeld denne stafetten. I 2013 vann vi med eitt sekund, sidan har dei vunne kvart år. Det er ikkje så populært i hovudstaden at ein bergensklubb skal kome og ta tilbake trona, seier Marius Vedvik som òg bur i kollektivet.

Laurdag gjekk det som dei ville: Gular leda frå start til mål i herrane sin eliteklasse, og kom i mål 50 sekund før Tjalve på 2.-plass.

– Det er ekstra kjekt å vinne ein stafett kor alle kjenner på kjensla av å bidra, når ein legg ned så mange treningstimar som vi gjer. Vi hadde mål om å ta gullet tilbake til Bergen, og det klarte vi, seier Lillefosse.

Totalt var det over 3000 påmelde lag til Holmenkollstafetten, som årleg vert arrangert i Oslo i starten av mai.

Gularhuset i Bergen

BERGENS SPREKASTE KOLLEKTIV: Studentane i Gularhuset trenar hardt før kvar einaste konkurranse, og spring om lag tre mil kvar dag. – Her trivst vi veldig godt, seier Bjørnar Lillefosse.

Foto: Bjørnar Sandnes Lillefosse

200 par sko

Heime i Gularhuset i Bergen ventar eit strengt treningsregime for heile gjengen.

– Vi spring mellom 20 og 30 kilometer kvar dag, og har ambisjonar om å hevda oss i toppen i Noreg. Det er klart at nokon har litt høgare nivå enn andre, men vi har eit bra treningsmiljø og trenar saman morgon og ettermiddag, fortel Lillefosse.

Fordelt på fire etasjar og loft bur dei 12 studentane. Trass i mengda sveitte dei treningsglade herrane produserer, luktar huset reint og friskt. I gangen står over 70 par sko, og totalt er der om lag 200 skopar i huset.

Sko i Gularhuset

BREITT UTVAL: – Det går ein del sko når vi trenar så mykje, fortel dei treningsglade studentane i Gularhuset.

Foto: Bjørnar Sandnes Lillefosse

– Det er opp om morgonen, ut på treningstur, heim for å dusje og ete, kome seg til universitetet, heim igjen for middag, ein ny treningstur, litt meir skulearbeid og så leggetid. Så er det på igjen neste dag, seier Lillefosse.

Resten av bebuarane i kollektivet nikkar bekreftande: Alle følger same treningsplan.

– Vanlege menneske

– Kva med andre ting som dei fleste studentar driv med, som festing?

– På hausten har vi eit par veker vi set av til festing. Ofte pratar vi om festane gjennom treningssesongen, det motiverer oss. Vi er jo vanlege menneske, sjølv om vi trenar to gongar om dagen, seier Jens Bøhmer.

Laurdagens stafettsiger gir motivasjon til treninga vidare.

– Dette gjev ekstra motivasjon og stadfester at jobben vi legg ned løner seg. Neste helg vert det stafett-NM på Hamar. Vi kjempar om gull både på 4x1500 meter og 4x400 meter, smiler Lillefosse.