Hopp til innhold

Stadig fleire vel ny gravtrend – no må tilbodet byggast ut

ÅSANE (NRK): Etterspurnaden etter felles minnelunder har aldri vore større. – Betre for samvitet, seier Knut Inge Sæter, som var ein av dei første til å nytta tilbodet.

Knut Inge Sæter

GODT NØGD: Knut Inge Sæter valde namna minnelund då kona gjekk bort i 2016. Sjølv kan han tenke seg det same, når den tid kjem. – Det er religionsnøytralt og gravplassforvaltninga tek ansvar for vedlikehaldet. Det trur eg mange vil setje pris på.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Vi må kunne kalle det ei trend. Det er overraskande at det har slått så godt an, seier gravplassjef Inghild Hareide Hansen i Bergen kirkelige fellesråd.

Nye tal viser at stadig fleire ønskjer ei «namna minnelund» som siste kvilestad.

I Bergen er 15 personar gravlagt på minnelundane så lang i år. Det er like mange som i heile 2016, då den første namna minnelunden i området opna i Åsane.

Her vert urner sett ned i eit gravfelt, og ei plate med namn og årstal for fødsel og død på den gravlagde kan setjast opp på eit felles minnesmerke.

Gravene vert vedlikehaldne av personalet på gravplassen.

– For meg, som ikkje har etterkomarar, er dette ei svært god løysing, seier Knut Inge Sæter.

Må tredoble kapasiteten

Sæter var ein av dei aller fyrste som nytta seg av tilbodet.

– Dei tradisjonelle gravene krev mykje stell, og eg visste at eg ikkje ville klare å ta vare på ei slik grav på ein god nok måte. Det ville gått ut over samvitet.

I 2017 fekk også Fana kirkegård ei namna minnelund, og i mars i år opna ytterlegare to på høvesvis Storetveit kirkegård og Fyllingsdalen gravplass.

Namna minnelund i Åsane

FØRST I OMRÅDET: Den første namna minnelunden i Bergen opna i Åsane i 2016. Sidan har det kome ytterlegare tre tilsvarande minnelundar.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Totalt er det no sett ned 68 urner på dei namna minnelundane. Fleire nedsettingar er bestilt og graver er reservert.

– I Åsane må vi no til med utbygging, så her vil bli to nye minnesmerke ved sidan av det som allereie står her, seier Hansen.

Vekst over heile landet

Den aller første minnelunden i Noreg vart etablert i Bærum for om lag 20 år sidan. Sidan har tilbodet blitt stadig meir populært.

– Det er heilt tydeleg at dette er eit tilbod som publikum har ønskja seg, seier Hansen.

Gravplassforeningen har førebels ikkje nøyaktig statistikk for kor mange som er gravlagd på slike minnelundar på landsbasis i dag, men anslår at om lag ein tredjedel av gravplassforvaltningane i landet har denne type minnelund.

Inghild Hareide Hansen

OVERRASKA: I Bergen har ein valt å tilby minnelundar berre for urner. I prinsippet kan namna minnelundar også vere for kister. – Det er overraskande at det har blitt så populært, seier gravplassjef Inghild Hareide Hansen i Bergen kirkelige fellesråd.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Vi ser at det vert etablert fleire og fleire namna minnelundar. I starten var det vanlegast i bystrøk, men no ser vi at det kjem nær sagt over heile landet, seier gravplassrådgivar Åse Skrøvset i Den norske kirke.

Ho trur tala på namna minnelundar vil fortsetje å stige framover.

– Folk flytter meir i dag, og det er ikkje alltid så enkelt å ha ansvar for gravstader på andre sida av landet. Denne løysinga gir ingen forpliktingar, og gir fleksibilitet til dei som ikkje kan besøke ei grav kvar veke, seier Skrøvset.

– På sikt håpar vi at alle gravplassar også vil ha ei namna minnelund, seier Hansen.