Hopp til innhold

Stadig fleire klagar på sjukeheimstilbodet

På to år auka talet på sjukeheimsklager i Noreg med 48 prosent. – Dei fleste klagar på dårleg kvalitet, seier pasientombod Rune Skjælaaen.

Rune Skjælaaen

FLEIRE KLAGAR: Talet på sjukeheimsklager i Noreg har auka med 48 prosent frå 2011 til 2013. – Om det er forsvarleg eller ikkje er det fylkesmannen som avgjer, men me ser ofte at sjukeheimstilbodet rett og slett ikkje er godt nok, seier pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen.

Foto: Renold Tennysen Christopher

Frå 2011 til 2013 har talet på kor mange som klagar på sjukeheimsplassar stige med over 58 prosent i Hordaland. På landsbasis har talet auka med 48 prosent.

Mange kommunar er langt bakpå i å planlegge for at talet på eldre menneske aukar.

Pasientombod Rune Skjælaaen

Dei fleste klagene kjem frå folk som meiner sjukeheimstilbodet er for dårleg, seier pasientombod i Hordaland, Rune Skjælaaen.

– Det syner seg at ein på mange sjukeheimar ikkje har tilstrekkeleg tid til å hjelpe dei eldre med å få i seg den maten og drikken dei skal ha, noko Fylkesmannen også har påpeika ved tilsyn her i Hordaland, seier Skjælaaen.

Fleire klagar også på at bebuarar blir liggande lenge og sjeldan skifta på.

– Dei blir liggjande med bleie, som ei løysing framfor det å følgje folk på toalettet. Me får ein del klager som eg tykkjer er lite greie å høyre på. Eg tenker at viss primærbehov ikkje vert oppfylt, då er det gale.

LES OGSÅ: Demenssyke Ragnhild ble flyttet fra sykehjem til omsorgsbolig: – Verken verdig eller forsvarlig

– Ofte er tilbodet rett og slett ikkje godt nok

I fjor klaga 101 personar på det dei meiner er eit for dårleg sjukeheimstilbod i Hordaland, mot 64 i 2011. På landsbasis melder pasient- og brukarombodet at talet på sjukeheimsklager har stige frå 602 i 2011 til 893 i 2013.

Rune Skjælaaen

FÅR FLEIRE KLAGER: Dei fleste sjukeheimsklagene gjeld dårleg kvalitet på tilbodet, seier pasientombod Rune Skjælaaen.

Foto: NRK

I fjorårets årsrapport frå pasient- og brukarombodet vert årsaka til klagene skildra som eit resultat av låg bemanning og mangel på fagfolk:

«Lav bemanning og mangel på fagfolk fører til tidspress, rutinesvikt og dårlig helsehjelp. Viktige tiltak som individuell tilretteleggelse av tjenestene og rehabiltering blir ikke gjennomført. Fallskader og feilmedisinering er ikke uvanlig ved sykehjem, og et kjennetegn ved flere av sakene vi mottar er at det kan gå lang tid før brudd og andre skader etter fall blir oppdaget og behandlet.»

– Om det er forsvarleg eller ikkje er det fylkesmannen som avgjer, men me ser ofte at sjukeheimstilbodet rett og slett ikkje er godt nok. Bemanninga er for låg, eller rutinane er feil, seier pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen.

– Dette krev større innsats frå kommunane

Skjælaaen meiner politikarane i større grad må ta høgde for den demografiske utviklinga som gjer at me blir fleire eldre og at fleire lever lengre og blir demente.

Me jobbar stadig for å forbetre oss, men totalsett meiner eg me gjev eit godt tilbod til dei eldre.

Helsebyråd Hilde Onarheim (H)

– Dette krev ein større innsats frå kommunane si side, og mange er langt bakpå i å planlegge for at talet på eldre menneske aukar.

– Bergen kommune er eit godt eksempel. Dei seier at behovet for sjukeheimsplassar dei neste ti åra er på 1000 plassar, og ein seier ein skal bygge 200. Det er å stikke hovudet i sanden og seie at dette problemet eksisterer ikkje. Politikarane må raskast mogleg komme i gong med ein større utbyggingsplan enn det dei har sagt at dei vil gjere.

LES OGSÅ: Regjeringa vil fjerne støtta til den kulturelle spaserstokken

– Dei fleste er godt nøgde med sjukeheimstilbodet

Ifølgje Brukar- og pårørandeundersøkinga Bergen kommune gjorde i 2012, er dei fleste nøgde med sjukeheimane, seier Helsebyråd, Hilde Onarheim (H).

Hilde Onarheim

– DEI FLESTE ER NØGDE: – Dei aller fleste opplever god kvalitet på sjukeheimstenestene våre, men dessverre skjer det at ein ikkje gjer det. Då ønskjer me sjølvsagt å rette på det, seier helsebyråd i Bergen, Hilde Onarheim (H).

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Dei aller fleste opplever god kvalitet på sjukeheimstenestene våre, men dessverre skjer det at ein ikkje gjer det. Då ønskjer me sjølvsagt å rette på det.

Ho vedgår at talet på klager har auka, men seier kommunen også har oppmoda folk om å klage for å få viktige tilbakemeldingar.

– Kommunen byggjer meir enn 200 sjukeheimsplassar, me bygger 300. Dessutan kan ikkje eldreomsorga målast berre i tal på sjukeheimsplassar.

– Totalsett gjev me eit godt tilbod til eldre

Bystyret har nyleg vedteke ein plan der kommunen kjem til å satse meir på leilegheiter med heildøgnsbemanning, sokalla Omsorg Pluss-leilegheiter. Dei erstattar ein del av dei eldre aldersinstitusjonane med mellom anna 58 sjukeheimsplassar og døgnbemanna leilegheiter.

– Me har fleire og fleire fagutdanna tilsette ved sjukeheimane, og me har gode system på kvalitetsoppfølgjing. Med ein gong me opplever at systemet ikkje fungerer, så ryddar me opp i det, seier byråden.

– Er det uproblematisk at talet er så høgt?

– Nei, sjølvsagt ikkje. Det er viktige signal som brukarane gjev oss. Me jobbar stadig for å forbetre oss, men totalt sett meiner eg me gjev eit godt tilbod til dei eldre. Planane våre er framtidsretta, og her er det ingen som stikk hovudet i sanden, seier Onarheim.

Gjer pengar til 2500 nye sjukeheimsplassar

– Det er viktig at alle er trygge på at dei får gode tenester frå kvalifisert personell. Difor vil me betre kapasiteten og kvaliteten. I 2014 brukar me om lag 400 millionar kroner til å auke kompetansen blant tilsette i omsorgssektoren, seier statssekretær i Helsedepartementet, Lisbeth Normann (H).

Video Sykehusstreiken over - Lisbeth Normann

2500 NYE PLASSAR: Regjeringa løver pengar til 2500 nye sjukeheimsplassar, og 50 millionar til kompetanseheving i forslaget til statsbudsjett for 2014, seier statssekretær Lisbeth Normann (H)

Foto: Nyhetsspiller

I sitt forslag til statsbudsjett varsla regjeringa støtte til 2500 nye sjukeheimsplassar.

– Me vil fornye og auke sjukeheims- og heildøgnsomsorgsplassar gjennom å legge til rette for tilskot til 2500 plassar. I tillegg har regjeringa løyvd om lag 50 millionar til kompetanseheving i kommunane, blant anna til desentralisert høgskuleutdanning, seier Normann.

– Kva tenker de om at så mange fleire klagar på sjukeheimstilbodet?

– Målet vårt er å skape pasientens helse- og omsorgsteneste. Då må me lytte til kva brukarane meiner er viktig. Difor er det bra at brukarane klagar når dei meiner tilbodet ikkje er bra nok.

LES OGSÅ: – Pengene blir viktigere enn å hjelpe de eldre