Hopp til innhold

Spyttar inn 350 millionar kroner

Etter år med nedleggingsspøkelset hengande over seg, satsar Boliden-konsernet på sinkverket i Odda. 350 millionar kroner skal sikra auka produksjon og fleire arbeidsplassar.

Sink på Boliden i Odda

VIL AUKE PRODUKSJONEN: Boliden vil auke sinkproduksjonen frå 170.000 tonn i året til 200.000 tonn i året innan andre halvdel 2017.

Foto: Bengt Höglund / BOLIDEN

Dag Berg Boliden

FLEIRE ARBEIDSPLASSAR: Adm. dir. Dag Berg fortel at det vil bli fleire arbeidsplassar ved Boliden.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Vi har nådd ein milepæl i utviklinga av bedrifta og no kan vi rette blikket framover, seier administrerande direktør Dag Berg i Boliden Smelters til NRK.

I ei pressemelding frå Boliden i Sverige kjem det i dag fram at konsernet vil satsa og auka kapasiteten på sinkverket på Eitrheimsneset i Sørfjorden i Odda. Det skjer etter år med sparingar og kraftige tiltak for å få redusert kostnadar.

– No slepp vi å ha dette nedleggingsspøkelset hengande over oss, slik vi har dei siste tre-fire åra. Det ser lysare ut og kanskje vi kan halde fram å utvikle bedrifta i Odda ytterlegare.

Vil nå 200.000 tonn

Ved å spytte inn 350 millionar kroner i sinkverket, er målet å auka kapasiteten på produksjonen frå 170.000 tonn til 200.000 tonn sink per år. Målet er å nå 200.000 tonn innan andre halvår 2017.

Zinkverket ved Boliden i Odda.

LITT LYSARE: Framtida ser litt lysare ut for sinkverket Boliden på Eitrheimsneset i Odda.

Foto: Boliden

– I tidlegare investeringar har vi lukkast å konsentrera produksjonen og auka kapasiteten, seier president Kerstin Konradsson i Boliden Smelters i pressemeldinga.

Konsernet ser på marknaden for sink som såpass god at dei vil investera i ytterlegare effektivisering, auka produksjon og betre konkurransekraft.

– Vil denne investeringa bety fleire arbeidsplassar?

– Det kjem den til å bety, ja, avsluttar administrerande direktør Dag Berg.

Fabrikken vart etablert i 1924, då under namnet Norzink.