Hopp til innhold

Sider-boom i Hardanger: – Det er som den amerikanske draumen

ULLENSVANG (NRK): Salet av sider frå fruktgardane i Hardanger går så det susar. På tre år er seks lokale produsentar auka til 18, og etterspurnaden boblar over.

Gjermund (t.v.) og Arita Åkre produserer merkevaren Edel sider.

SA OPP TRYGGE JOBBER: Gjermund Åkre og Arita Åkre gjer suksess med heimelaga sider frå Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Inne i produksjonslokalet på garden på Åkre på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang står store ståltankar tett i tett. Der skal både gamle og heilt nye sidersortar godgjera seg.

– Dette er Aroma (ein eplesort, red. merk.). Du ser bobler på toppen. Det har byrja å gjæra heilt naturleg, utan tilsetjing av gjær. Dette er vår første spontangjæra sider, seier Arita Åkre.

Frå olje til sider

Ho og mannen Gjermund sa begge opp trygge jobbar i oljeindustrien for å flytta til familiegarden i Hardanger der dei har satsa på merkevara «Edel sider».

I 2015 lanserte dei sin første sider og var då ein av seks produsentar i Hardanger.

– Det starta som den amerikanske draumen. Me starta heilt på botnen. Me brukte nesten to år på å finna ut kva gjær som går til kva eplesort.

Dei reiste rundt til ulike vinkjennarar og bad dei vurdera produktet.

– Nokon ønska meir bobler, andre mindre. Då tenkte me at me hadde treft og var der me skulle vera.

I dag har dei utvikla seks ulike sidertypar og er no ein av 18 siderprodusentar.

Aritas Åkre tappar sider frå produksjonslokala på garden Åkre i Hardanger.

TESTAR NY SIDER: Her tappar Arita Åkre fersk Aroma-sider. – Du ser bobler på toppen. Det har byrja å gjæra heilt naturleg, forklarar ho.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Den vesle snøballen byrja å rulla og har blitt gigantisk. Konkurransen er stor mellom produsentane, og det er sunt, men samhaldet er viktigast. Folk er klar over at viss regionen gjer det bra, går det også bra for kvar enkelt, seier Arita Åkre, som har store forventningar til årets produksjon.

Hardanger dominerer

Sideren frå Hardanger blir stadig meir populær. I 2019 stod sideren frå Hardanger for over halvparten av Vinmonopolet sin sider-omsetnad.

– Nærare 60 prosent. Det har blitt eit lokomotiv i norsk siderproduksjon, seier Jens Nordahl i Vinmonopolet.

I fjoråret vaks salet av Hardangersider med 22 prosent samanlikna med året før, ifølge ferske tal frå Vinmonopolet.

– Det har vore eit eventyr, seier Kjetil Widding, leiar for Siderklynga i Hardanger.

Gullmedaljar

Det har blitt produsert mykje sider i haust som vert tilgjengeleg framover. I 2020 er produksjonsvolumet venta å gå frå 330.000 til 430.000 liter.

– Det viktige for oss når me ser den eksplosive veksten, er kvalitetssikring, seier Widding.

Dagleg leiar, Kjetil Widding, Siderklynga i Hardanger

– EVENTYR: Leiar for Siderklynga i Hardanger, Kjetil Widding, seier kvalitetssikring er viktig når veksten i etterspurnaden er så eksplosiv som no.

Foto: Tale Hauso / NRK

I produksjonslokalet sitt viser Arita Åkre dei mange prisane dei har fått for sideren sin, som også har blitt anerkjent internasjonalt.

– Seinast i Spania for ein månad sidan deltok me med fire produkt i konkurransen og kom heim med to gull og to sølv, seier ho stolt.