NRK Meny
Normal

Spretten slår dei fleste opp Stoltzen

Rundt seksti gongar har hunden Spretten gått opp Stoltzen. Hans litt runde utsjånad gjer at mange trur dei skal slå han, men Spretten tar igjen dei aller fleste.

Den spreke hunden Spretten slår mange menneske opp Stoltzen i Bergen.

Stoltzekleiven er ein bratt sti opp til Sandviksfjellet i Bergen. Med rundt 800 trappetrinn og ei gjennomsnittleg stigning på 34,5 grader er det ein utfordrande motbakke, men det er ei utfordring hunden Spretten gjerne tar.

Spretten og Øystein Tomre Larsen

Øystein Tomre Larsen og Spretten på ein av dei rundt 60 turane dei har hatt opp Stoltzekleiven.

Foto: Bjarne Ludvigsen

– Han har vore på Stoltzen dei fleste gongane eg har vore der, og då er det vel rundt seksti gongar. Han er veldig sosial og liker å vera ute i all slags vêr, fortel eigar Øystein Tomre Larsen.

Den litt runde kroppen til Golden Retrieveren gjer at mange «motstandarar» i bakken lar seg lura.

– Det er mange som ser på han og tenker at den feite hunden der skal eg i alle fall klara å komma forbi. Men så kjem han alltid på slutten, til stor ergelse, seier Tomre Larsen.

Spretten fekk påvist kreft

Denne helga blir det årlege motbakkeløpet «Stoltzekleiven Opp» arrangert i Bergen. Øystein Tomre Larsen er blant dei rundt 5000 deltakarane i årets løp, og dette er åttande gongen han deltar i løpet.

LES OGSÅ: Over 5000 i søkkvått blodslit

Av to grunnar kan ikkje Spretten delta her. For det første må hundar vike når tobeinte skal konkurrera om å nå toppen på kortast mogleg tid. Spretten har også vore sjuk den siste tida. I starten på august i år fekk han konstatert kreft.

Tomre Larsen fekk beskjed frå Spretten sin veterinær at hunden truleg ikkje ville overleva ein operasjon.

Snart klar for Stoltzen igjen

Han kom seinare i kontakt med ein annan hundeeigar, som hadde ein hund som hadde fått omtrent same diagnose. Denne hunden hadde overlevd. Øystein Tomre Larsen kontakta veterinæren som hadde operert denne hunden og 3. september blei Spretten operert.

– Han blei til slutt operert for kreftsvulsten som vog 2,8 kilo. Det hjelpte betrakteleg og no er han på veg oppover i form igjen, seier eigaren.

– Me håpar at han snart er klar for Stoltzen igjen. Eg skal prøva å få han opp ein tur i haust, seier Spretten sin matfar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.