Hopp til innhold

Sprengningsuhell på Sotra

Store steinar kom gjennom veggen og inn i produksjonslokala til Sotra Fiskeindustri då det måndag ettermiddag gjekk galt under sprenging med 500 kilo sprengstoff, skriv Vestnytt. – Det ligg tonnevis med stein inne i fabrikken, seier dagleg leiar Kjell Inge Eide. Ingen kom til skade i uhellet.