Hopp til innhold

Språksjov-Eide om nytt NSB-namn: – Kvar har fornufta og hjarta tatt vegen?

Tusenvis stiller seg bak hjartesukket frå Språksjov-programleiaren. Linda Eide meiner Vy er dropen som får begeret til å renna over.

Eides språksjov

SPRÅKSJOV-GENERAL: Linda Eide var gjest i morgonsendinga i NRK Hordaland 13. mars 2019. Og blei intervjua om Vy.

«I dag går ein togelskar og språkelskar med sørgebind. Er det muleg!? Kvar har fornufta og hjarta tatt vegen?»

Slik starta NRK-programleiar Linda Eide innlegget ho la ut på Facebook tysdag kveld. Onsdag morgon er det likt av over 12.000 og delt av 7500 personar.

– Korleis kan nokon få lov å stilla seg så suverent over vår historie og våre felles kjensler og skrota dette namnet? spør programleiaren i «Eides språksjov».

Kritikken haglar

Det har ikkje mangla på kritikk etter at konsernsjef i NSB, Geir Isaksen, tysdag lanserte det nye namnet til NSB og Nettbuss – Vy.

– Vy er eit kort og enkelt namn som viser at me er på veg inn i noko nytt, sa Isaksen under presentasjonen tysdag.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet oppmoda NSB til å behalde det gamle namnet, fordi det er ein del av den norske kulturarven. Men innspela frå vårt nasjonale rådgjevande språkorgan blei sett til side.

– Me har ein lang og stolt tradisjon som går heilt tilbake til 1883. Den bygger me vidare på, sa konsernsjefen under presentasjonen i går.

Ny logo på Vy-togene

GRØNT OG KVITT: Prisen på å endra mellom anna logo, uniformar, togsett og bussar er estimert til opp mot 280 millionar kroner dei neste fira år.

Foto: David Krekling / NRK

– Eg blei fysisk dårleg

Men namnet bryt fullstendig med statsjernbanen sine historiske røter, meiner Linda Eide.

– Eg fekk nærast ein kroppsleg reaksjon og blei dårleg. Eg tenkte: «ingen har døydd eller tatt noko frå meg». Eller vent ... kanskje var det nettopp det som skjedde, seier Eide til NRK onsdag.

Vossingen har vakse opp med Bergensbanen og reiser framleis hyppig frå heimen i Bergen til familien på Voss.

Ho er kritisk til at eit styre på ein augneblink kan endra det som mange opplever som vår felles historie.

Linda Eide fotografert i mediebyen i Bergen

TRIST: Linda Eide seier ho fekk ein kroppsleg reaksjon då ho høyrde namnet som skal ta over etter NSB.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Nokon i eit styre anno 2019 har berre bestemt at NSB skal bort. Ja, jernbanereforma har nærast demontert NSB allereie, men likevel ... Har me ikkje ei stemme i vala av desse namna?

– Vy handlar ikkje om å reisa med tog eller buss. NSB er både ei merkevare, eit namn og historie. Me heiter Norsk rikskringkasting, men me driv ikkje berre med rikskringkasting, seier Eide.

Namneforskar: – Uforståeleg

Namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen omtalar namnet som framand og uforståeleg.

– Det er vanskeleg å forbinda det med noko som helst. Me brukar det ikkje i denne forma, difor verkar det framand og litt rart.

– Nokon tenkjer nok at Vy står for vyar og utsikt både i natur og i positive framtidsretta tankar. Andre synst kan hende Vy er tomt, seier Utne.

Han meiner sprengstoffet i kritikken spring ut frå ein samanblanding av språk og politikk.

– Namnet er uklart fordi NSB frå før er løyst opp i så mange ulike selskap at ingen heilt veit kven som driv med kva. Skinner, stasjonar, billettsal, servering, godstransport, vedlikehald, vogner og kan henda bussar er skilte ut. Det er inga kjerne igjen. Då står ein igjen med noko ein ikkje veit kva er, med eit namn ein ikkje veit kva betyr.

Namnegranskar Ivar Utne, UiB

NAMNEFORSKAR: Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Konsulent-boble

Dei siste åra har fleire offentlege føretak blitt skilt ut og/eller fått nye namn. Her er nokre døme:

  • Jernbaneverket endra namn til Bane Nor i januar 2017
  • Equinor erstatta Statoil i mai 2018
  • Forvaltningsorganet Fredskorpset byta namn til Norec i august 2018.
  • I tillegg har tradisjonelle Høgskolen i Oslo og Akershus måtte vika for OsloMet – storbyuniversitetet (vedtatt januar 2018).
  • I 2003 sprang produksjonsverksemda ut frå Statens vegvesen og blei til Mesta.
  • Norsk senter for bygdeforsking bytte namn til Ruralis i 2017.
  • Forskningsselskapet SørVest AS fekk i januar 2018 namnet NORCE.

– Me har hamna i ei konsulent-boble der ingen opponerer mot desse namneforslaga, seier Eide, som no håpar politiske krefter kan stansa eit namneskifte.

– Det er vanskeleg å skaffa seg ei historisk oversikt, men ein sit vel med inntrykket av at namn i offentleg sektor tidlegare har gitt meining. Ein del tilfelle dei seinaste åra kan jo tyda på at det ikkje gjer det i dag, seier Utne og trekker fram Mesta, Equinor og Ruralis som det han kallar dei verste døma.