Hopp til innhold

Tjuvane er framleis på frifot

Før jul vart unike Kina-gjenstandar stolne og øydelagde i eit innbrot ved Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen. Politiet står framleis utan spor.

Kina-samlingen

UNIKE: Dei 56 gjenstandane som vart stolne er ein del av Kina-samlinga ved Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen. Samlinga på om lag 4000 er ein av Europa sin største.

Foto: Kunstmuseene i Bergen

– Etterforskinga av DNA og fingeravtrykk har ikkje gitt oss positive svar, så me står der saken var då me sendte den inn. Me har difor ingen mistenkte personar med namn etter ranet, seier Knut Ellertsen, etterforskingsleiar ved Hordaland Politidistrikt.

– Forventa scenario

Tjuveriet av dei 56 gjenstandane vart karakterisert som «det verste sidan Munch-ranet», og direktør ved Kunstmuseene i Bergen, Erlend Høyersten, er skuffa over at dei unike enkeltgjenstandane framleis er sporlaust forsvunne.

– Det er klart me er skuffa over at ein ikkje har kome nærare ei løysing, men med denne type tjuveri veit me at det er eit mogleg scenario å ikkje få nokre konkrete resultat. Så me var førebudd på det, seier han.

– Men me er overbeviste om at politiet har gjort ein god jobb og me har hatt ein tett og god dialog undervegs.

Har auka i verdi

I takt med Kina sin veksande økonomi, har marknadsprisen på slike typiske gjenstandar auka.

– Prisane har vorte høgre og forbigått dei japanske, som har hatt ein større verdi enn dei kinesiske gjennom åra. Dette heng saman med at den veksande økonomien i Kina har ført til ei større interesse for nasjonen sine eigne kunstgjenstandar, seier Høyersten.

Museet er no i ein prosess der dei skal få taksert verdiane på enkelt- og pyntegjenstandane som vart stolne.

– Me ventar på utanlandske ekspertar som skal hjelpe oss med dette, men forutan marknadspris er det klårt at dei utgjer ein betydeleg kulturhistorisk verdi også, seier han.

Tjuveriet av Kina-skattane

KINESISK BOLLE:Denne kinesiske bollen vart knust og vart liggjande att i monteren.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Skal ha vorte varsla

Bergens Tidende skreiv i ettertid av tjuveriet at fleire skal ha fått åtvaringar om at noko kunne skje på staden.

«Vi er urolig for det som skjer og vi er redd for at noen kan forberede et eller annet» skal det stå i ein e-post som er sendt frå selskapet som er driftsansvarlege for Olav Kyrresgate 22.

E-posten skal ha vorte sendt til leigetakarane i bygget, Vestlandske Kunstindustrimuseum og politiet. Det skal også ha vore fleire innbrot i garasjen dei siste månadane før tjuveriet fann stad.

Etterforskar vidare

Då tjuveriet vart oppdaga meinte politiet at innbrotet kunne ha vore gjennomført av profesjonelle og at det kunne ha vore eit bestillingstjuveri.

Taket der tjuvane tok seg ut

RØMTE HER: Det var gjennom desse vindauga at tjuvane tok seg ut. Inn i bygget kom dei via garasjen.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Etterforskinga har derimot ikkje gitt konkrete resultat, og politiet vil jobba vidare med saken.

– Me vil byrja på nytt og gå gjennom dokumentasjonen for å sjå om det er noko me har oversett. Dette kan føra til at me eventuelt finn nokre spor i saken, seier Ellertsen.

Om tjuveriet er det perfekte brotsverk, gjenstår å sjå.

– Me har sikra ulike ting, som blant anna videopptak. Så om det er det perfekte brotsverk vil tida vise, seier han.