Hopp til innhold

Sponheim med nytt kommunekart: – Håpar at me slepp tvang

Fylkesmann Lars Sponheim er skuffa over det ikkje vert ein ny storkommune aust for Bergen. Men han vil ikkje tvinga nokon til samanslåing.

Lars Sponheim

IKKJE TVANG: Fylkesmann Lars Sponheim droppar tvang i første omgang.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ut frå ein overordna tankegang er eg litt skuffa over at me ikkje fekk til ein større kommune aust for Bergen.

Fylkesmannen i Hordaland inviterte alle ordførarane i fylket til Grand Hotell Terminus i Bergen i dag. Der legg han fram sitt utkast til det han meiner bør vera det nye kommunekartet over Hordaland.

– Eg håpar at me slepp tvang, konstaterer Sponheim.

Dermed legg det an til desse samanslåingane i Hordaland:

  • Nordhordland: Lindås, Meland og Radøy
  • Vest for Bergen: Sund, Fjell og Øygarden
  • Bjørnafjorden: Os og Fusa
  • Hardanger: Odda og Ullensvang (med eller utan Jondal)
  • Nord for Hardangerfjorden: Voss og Granvin
Sponheim sin kommunestruktur

Trur på endringar i sør

Av Hordalands 33 kommunar er det tolv som har vedteke å slå seg saman med naboane. Nye Øygarden kommune og Nordhordland kommune, i tillegg til Bjørnafjorden kommune, er dei einaste vedtekne samanslåingane.

I tillegg har Odda og Ullensvang, og Granvin og Voss sagt ja til samanslåing.

Skulle Sponheim ha teikna strekane, hadde talet truleg vore høgare.

– I Sunnhordland skjer det ingenting det frivillige vegen. Det gjer at strukturen i Hordaland vert endra noko, når ein får ei ny kraft i Nordhordland og vest for Bergen.

Han meiner Etne bør sjå mot Vindafjord og at ein på sikt bør få ein ny Sunnhordlanskommune med Fitjar, Bømlo og Stord som kjerne.

Dette til styrka regionen i sør, meiner Sponheim.

Terje Søviknes

OS OG FUSA: Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) og Atle Kvåle (Ap, to frå høgre) i Fusa har signert avtalen for nye Bjørnafjorden kommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Håpar på løysing i Hardanger

Sponheim har ikkje gjeve opp håpet for kommunekaoset i Hardanger .

– Eg håpar at det vert ein ny Ullensvang kommune med Odda, Ullensvang og Jondal. Men slik eg ser det er ikkje det nokon føresetnad at Jondal vert med.

Han meiner Voss bør verta sentrum i ein ny kommune som i første omgang vil bestå av Voss og Granvin. Ulvik er ein naturleg partnar ved neste krossveg, ifølge Sponheim.

I midtre deler av fylket lever Samnanger på lånt tid.

Kraftkommunen har tala reformtilhengjarane midt imot, og har i tur og orden takka nei til fleire naboar.

Også Tysnes må gjera eit val, meiner Sponheim.

Kvinnherad får på den andre sida vera i fred.

Jon Larsgard

NEI: Jondal-ordførar Jon Larsgard (Sp) har hatt nok å stri med i sommar. Fleire politikarar i Jondal vil ha omkamp om reformspørsmålet, etter at Jondal sa nei til Odda og Ullensvang i vår.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Håpar på fleire samanslåingar i nord

Sponheim er svært glad for at to storkommunar vest og nord for Bergen har sett dagens lys.

– Me er veldig fornøgd med at me har fått til nokon større kommunar rundt Bergen, som vil gjera bergensregionen betre, seier Fylkesmannen.

Seinare bør Fedje, Austrheim, Masfjorden og Modalen ta steget frå "venterommet" og verta ein del av Nordhordland kommune.

Han meiner dei framover bør ta stilling til samanslåing med dei tre andre, eller opna for ein andre kommune i Nordhordland.

Lars Sponheim

UTKAST: Fylkesmann Lars Sponheim la fram sitt utkast til nytt kommunekart i Bergen måndag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Truga med tvang

Lars Sponheim har ikkje lagt skjul på at han ikkje er nøgd med talet på samanslåingar.

I juni sa Sponheim til NRK at kommunane kunne venta seg ei overrasking når han ville presentera sitt utkast til eit nytt Hordaland.

– Det vil teikna eit heilt anna kommunekart enn det me har i dag, sa Sponheim, som lanserte i overkant av 20 kommunar som det ideelle kommunetalet i Hordaland.