Sponheim om pengebruken i samanslåingsklare kommunar: «svært urovekkjande»

Kommunane knuser sparegrisen og tar opp nye lån før kommunesamanslåingane er eit faktum. Fylkesmannen ropar varsku i kommune etter kommune.

Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland

KRITISK TIL PENGEBRUKEN: Fylkesmann Lars Sponheim meiner kommunane planlegg ein pengebruk som kan truga økonomien til dei nye samanslåtte kommunane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkesmannen i Hordaland har granska kommuneøkonomien i dei 33 hordalandskommunane, og dommen er klar: Kommunar som skal slåast saman med andre kommunar svir av meir pengar enn det fylkesmannen meiner er forsvarleg:

– Fylkesmannen er uroa. Problemet med den utviklinga me ser, er at dei nye samanslåtte kommunane vil få eit farleg høgt kostnadsnivå og høgt gjeldsnivå, seier Lars Sponheim til NRK.

Fenomenet, såkalla resursbrenning, er kjend også internasjonalt. Både i Danmark, Sverige og Finland er det avdekka at kommunar tok opp store lån like før dei skulle slåast saman med andre kommunar.

Dermed kunne ein nyta godt av investeringar i den gamle kommunen, medan den nye kommunen måtte ta byrda med å betala ned gjelda.

Drastisk reduksjon

Frå årsskiftet 2019–2020 vert fleire titals norske kommunar slått saman. Kommunereforma vil redusera talet på kommunar frå 428 til 356.

– Gjelda kommunane tar med seg inn i den nye kommunen skal betalast ned. Dessutan vil dei nye kommunane ha ambisjonar. Dermed vil dei trenga økonomisk handlingsrom, seier Sponheim.

Ueinig med Sponheim

Fylkesmannen er uroleg for situasjonen i så godt som alle dei samanslåingsklare kommunane i Hordaland.

Ein av desse er Ullensvang herad i Hardanger, som frå 2020 skal slåast saman med nabokommunane Odda og Jondal. I eit brev til kommunen skriv Fylkesmannen:

Første felles kommunestyremøte Ullensvang kommune

FELLES KOMMUNESTYREMØTE I NYE ULLENSVANG: Fylkesmann Lars Sponheim er kritisk til pengebruken i dei tre kommunane som no skal verta til ein.

Foto: Tale Hauso / NRK

«Fylkesmannen finn det svært urovekkjande at kommunen legg opp til så store investeringar og låneopptak i økonomiplanen».

Kommunen planlegg større investeringar både innanfor eldreomsorg og skule i åra som kjem. I budsjettperioden frå 2018-2021 planlegg kommunen med 3500 innbyggjarar å bruka over 400 millionar kroner.

Ordførar Solfrid Borge (Sp) er slettes ikkje einig med konklusjonen til fylkesmannen.

– Eg likar det ikkje. Eg er på langt nær så uroa som det fylkesmann Lars Sponheim er.

– Dette er investeringar me ville ha gjort uansett om me skulle ha slått oss saman eller ikkje, seier Solfrid Borge.

Solfrid Borge

IKKJE EINIG: Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge (Sp), vil ikkje høyra snakk om at kommunen brukar uansvarleg mykje pengar fram mot kommunesamanslåinga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Rådmannen forstår uroa

Fylkesmannen er òg uroa over investeringsiveren i dei to andre kommunane som inngår i samanslåinga.

Ole-Jørgen Jondahl er i dag rådmann i Odda kommune. Han vert òg rådmann i den nye storkommunen. Han delar i langt større grad uroa til Fylkesmannen.

Ole-Jørgen Jondahl

FORSTÅR FYLKESMANNEN: Rådmann i Odda Ole-Jørgen Jondahl ber om at kommunane samordnar investeringane sine. Han er òg tiltenkt jobben som rådmann i den nye kommunen som får namnet Ullensvang kommune.

Foto: Twitter

– Det er mogeleg at nokre av desse prosjekta bør vurderast i lys av samanslåingsprosjektet. Dei tre kommunestyra bør derfor i større grad sjå investeringane i lys av at me vert ein kommune frå 2020.

Kan berre åtvara

Regjeringa foreslo i utgangspunktet at nye låneopptak i samanslåingskommunane skulle godkjennast av fylkesmennene, men fekk ikkje med seg stortingsfleirtalet på overstyring av kommunane.

– Dei hadde nok akkurat den situasjonen i tankane då dei foreslo dette, seier Sponheim.

Derfor kan ikkje Fylkesmannen i Hordaland gjera anna enn å vifta med peikefingeren og håpa at kommunane lyttar til signala.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon