NRK Meny
Normal

Sponheim fekk «fast» jobb til jul

Det seks år lange åremålet til fylkesmann Lars Sponheim gjekk eigentleg ut i 2016. Men no blir han fylkesmann i Hordaland på ubestemt tid.

Lars Sponheim

UBESTEMT TID: Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, er Fylkesmann på ubestemt tid. Årsaka er at fylkesmannsembete kan bli slått saman nabofylka.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Vi vakna plutseleg ein fredag og høyrde statsråden hadde slått saman fylkesmannsembeta i Agder, og at han hadde sett i gang utgreiing for å slå saman fleire fylkesmannsembete, seier fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim.

I midten av november vart det kjent at det blir ein fylkesmann for Agder, men at det blir to kontor slik som i dag, eitt i Arendal og eitt i Kristiansand.

Parallelt med kommunereforma

Lars Sponheim blei tatt på senga då regjeringa slo saman dei to fylkesmannsembeta i Agder. Midt i arbeidet med å bli færre og større kommunar i Norge, set regjeringa parallelt i gang med å vurdera kor store fylkesmannsembeta skal vera.

– Me er midt i ein periode kvar me gjennomfører ein større kommunereform, og stortinget har også pålagt Regjeringa å sjå på fylkesnivået, sa kommunalminister Jan Tore Sanner då han kom med nyhenda om å slå saman fylkesmannsembeta på Sørlandet.

– Då er det naturleg at me også ser på den statlege organiseringa, la han til.

Truleg også Hordaland

Om få år vil truleg også fylkesmannen i Hordaland bli slått saman kanskje med Sogn og Fjordane, eller med Rogaland. Delar av nabofylka er også eit alternativ, for alt er avhengig av kor dei nye kommunegrensene kjem til å gå.

Midt i desse omfattande prosessane passar det dårleg at åremålet til fylkesmannen går ut om halvanna år, og difor har Sponheim har fått beskjed om at han kan fortsetje som fylkesmann på ubestemt tid.

Den same beskjeden skal også dei andre fylkesmennene ha fått.

– Så staten er også i støypeskeia for å få ein kanskje litt enklare og kanskje ein litt meir tilpassa statsorganisering til ein ny kommuneorganisering, seier Sponheim.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo