Hopp til innhold

Spikra igjen vindauga og søkte ly i kjellaren

På Ågotnes på Sotra utanfor Bergen har ein familie forskansa seg i det tryggaste rommet i huset. – Me er i kjellaren, heile familien, seier Ane Monsen Rong.

Forskansa seg i kjellaren

I KJELLAREN: Ane Monsen Rong og mannen spikra igjen vindauga i huset, og tok med ungane og katten i kjellaren for å søke ly frå «Nina».

Foto: Ane Monsen Rong / Privat

– Katten også er med oss i kjellaren. Me har veldig store og gamle stovevindauge, og dei er punkterte og litt slik frå før, og me er litt redde for at dei skal svikte, seier Ane Monsen Rong.

– Me har spikra nokre plater framføre vindauga, men dei slår inn i ruta og lagar litt lyd, så det er litt skummelt, seier ho.

For ein halvtime sidan var det heilt «ko-ko» her.

Ane Monsen Rong

– Det verste me har opplevd

Kjellaren er det tryggaste rommet for familien som bur på Ågotnes på Sotra i Fjell kommune.

– Det er i første etasje, halvvegs under bakken. Det er inngang nede og me sit på ungane sitt rom og leikar, så det er ikkje så mykje drama, seier Rong.

Korleis kjennest det når det ruskar i huset slik det gjer no?

– Det er ganske ekkelt. Me har budd her i seks år, og det er det verste me har opplevd her. Me bur heilt ved havet, og det er veldig ubehageleg, seier Ane Monsen Rong.

– For ein halvtime sidan var det heilt «ko-ko» her, og det har også gått nokre svære grantre nede i hagen her, seier ho.

– Glad stormen dreia nord-vest

Ane Monsen Rong seier ho ikkje veit kor lenge familien skal bli sitjande i kjellaren.

– No er me veldig glade for at stormen dreia seg mot nord-vest, for hadde den dreia seg mot vest hadde det vore endå verre for oss, seier ho.

– Vindauga våre er rett mot vest.