Hopp til innhold

Spesialeininga: – Politiet gjorde ikkje noko straffbart

Alarmsystemet var slått av då ein 20 år gamal gut hoppa frå Askøybrua. Mora meiner politiet kunne gjort meir, men Spesialeininga legg vekk saka.

Askøybroen

SJEKKA IKKJE KAMERA: Dette biletet syner to politibetjentar på Askøybrua natt til 25. januar. Dei sjekka tips om at ein jakke låg att ved rekkverket. Men operasjonssentralen sjekka ikkje desse bileta før det var gått eit døgn.

Mora melde i fjor Hordaland politidistrikt til Spesialeininga for politisaker, etter at sonen (20) hoppa frå Askøybrua 25. januar 2015.

Ho meiner politiet kunne gjort meir då dei fekk beskjed frå ambulansepersonell om at det låg ei jakke ved gjerdet på brua. Politiet var på staden, men patruljen avslutta oppdraget etter kring fem minuttar utan å setje i gang søk i vatnet. Nesten to månadar seinare vart 20-åringen funne død.

Alarmsystemet som gir politiet direktebilete frå brua var slått av, fordi ømfintlege sensorar stadig sende feilmeldingar inn til operasjonssentralen.

No slår ei fersk avgjerd frå Spesialeininga fast at politiet ikkje gjorde noko straffbart den januarkvelden, skriv Bergensavisen. Saka er no lagt vekk.

Alarmsystemet var slått av

Brua som knyter saman Bergen og Askøy har i mange år vore åstad for sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

For å hindra dette sette Vegvesenet, i samarbeid med fylkeskommune og politiet, i gong med kameraovervaking av brua frå nyttår av i fjor. Systemet fungerer ved at sensorar utløyser ein alarm til operasjonssentralen, som då får sjå direktebilete frå brua.

Men dårleg vær utløyste alarmane svært ofte, til tider fleire gonger i minuttet, og systemet var difor på det tidspunktet slått av.

Askøybroen sett fra Bergen mot Askøy

Askøybrua vest for Bergen

Foto: Guillaume Baviere / Wikimedia

Meiner politiet burde gjort meir

BA skriv at Spesialeininga ikkje gir operasjonsleiar skulda for at opptaket frå alarmsystemet aldri vart sjekka. Vedkommande hadde ikkje fått opplæring i bruk av systemet og var ikkje klar over at ein kunne spole tilbake i opptaket for å sjå om noko hadde skjedd.

Det var først over eit døgn seinare, etter tips frå Securitas, at politiet gjekk gjennom overvakingsbileta.

Bistandsadvokat for mora, Bengt Waldow, sa til NRK i fjor at dei ville undersøka om 20-åringen kunne vore redda om politiet ikkje hadde deaktivert alarmen, sett i gang leiteaksjon då jakka hans vart funnen, eller sett på overvakingsbileta raskare etter at dei fekk beskjed om jakka.

Men Spesialeininga meiner handlingane til politiet natt til 25. januar i fjor ikkje kan kallast forsettleg brot på tenesteplikt eller grov uforstand i tenesta.

Bistandsadvokat Bengt Waldow seier til NRK at han per no har ingen kommentarar til Spesialeininga si avgjerd.