Hopp til innhold

Spektakulær filminnspeling i Vøringsfossen

Den stupbratte fossen inst i Hardanger blir ei sentral kulisse i dei heftigaste scenene i ny eventyrfilm om Per, Pål og Espen Askeladd.

Den stupbratte Vøringsfossen inst i Hardanger blir ei viktig kulisse i dei heftigaste scenene i ny eventyrfilm om Per, Pål og Espen Askeladd.

NESTEN 200 METER NED: Luftig dag på filmsettet for skodespelarane i ny spelefilm om Per, Pål og Espen Askeladd. Sjå klipp frå innspelinga her.

Skodespelarane som i desse dagar gjer dei siste opptaka til ein ny, norsk spelefilm bør ikkje ha høgdeskrekk.

For i dag fekk dei bryna seg på sjølvaste Vøringsfossen, inst i Eidfjord kommune i Hordaland. Fossen har eit loddrett fall på 145 meter, og eit totalt fall på 185 meter.

– Det er nostalgisk dette. Og så er det kult å prøve å etterlikna det ein har sett for seg som barn, seier Vebjørn Enger, som spelar hovudrolla.

Innspilling av Askeladden i Vøringsfossen

Vøringsfossen er ein populær turistattraksjonen, men dei siste åra har fleire utanlandske turistar falle i døden. Skodespelarane var i dag naturleg nok sikra med klatreselar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Luftige actionscener

Dei tre som har rollene som Per, Pål og Espen Askeladd la seg bokstaveleg talt i selen for ein spektakulær dag på filmsettet.

Sikra med klatreutstyr spring skodespelarane ut på ei av fjellhyllene som stuper loddrett ned i Måbødalen.

Scenene blir av dei mest actionfylte i filmen «Askeladden – I Dovregubbens Hall». Filmen er den første av i alt tre filmar om Per, Pål og Espen som er planlagd, og kjem på kinolerretet neste haust.

Tar opp arven etter bestefar

Regissør Mikkel Brænne Sandemose fortel at han er svært glad i eventyr, og at innspelinga også er ganske spesiell for han.

– Eg har vakse opp med Asbjørnsen og Moe sine eventyr, men i tillegg har bestefar min vore delaktig i filminnspeling om eventyra før. Difor blir dette ekstra spesielt.

Bjarne Sandemose samarbeidde med Ivo Caprino om dei ikoniske dukkefilmane på 50- og 60-talet, mellom anna «Sjuende far i huset» (1966) og «Gutten som kappåt med trollet». Sandemose laga kulissar og tekniske innretningar, samt kompliserte kamera som gjorde innspelingane mogleg.

Filmregissør Mikkel Brænna Sandemose

Regissør Mikkel B. Sandemose instruerar på filmsettet ved Vøringsfossen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Håpar filmen bles liv i eventyrinteressa

Etterfølgjaren lovar at den nye filmen om Espen Askeladd blir noko heilt anna.

– Dette blir eit veldig levande univers, med ordentlege folk som opplev ordentleg drama. Det er lenge sidan vi har fått sjå Askeladden på lerretet no, og eg håpar folk gler seg, seier Sandemose.

I filmen vert fleire kjente og kjære folkeeventyr samla, og publikum får møta karakterar som Nøkken, Dovregubben, Stubbekjerringa og Huldra.

Skodespelarane håpar filmen kan blåsa nytt liv i gamle favorittar.

– Eg har yngre familiemedlemmar som ikkje har eit forhold til Askeladden. Det er ikkje berre synd, det er ei katastrofe. Dette er noko av det kjæraste vi har av gamal kultur, og den må vi ta vare på, seier Elias Holmen Sørensen, i rolla som «Pål Askeladd».

Per, Pål og Espen Askeladd

PUST I BAKKEN: Askeladden-brørne tek seg ein kvil mellom slaga. Frå venstre: Mads Sjøgård Pettersen i rolla som Per, Elias Holmen Sørensen i rolla som Pål og Vebjørn Enger som Espen Askeladd.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK