Hopp til innhold

Veit ikkje kor mykje dei har spart på streiken

Først i neste veke veit Bergen kommune kva dei har spart på den lange lærarstreiken. Samstundes er arbeidet med å minimera konsekvensane for elevane i gong.

Streikende lærere ved Lille Lungegårdsvann

STREIKA: Streikeviljen blant lærarne var stor. I Bergen var lærarar ved 24 skular i kommunen og 15 vidaregåande skular tekne ut. Her frå ein lærardemonstrasjon ved Lille Lungegårdsvann.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det du spør om no er det mest spurte spørsmålet eg har fått den siste tida, seier kommunaldirektør Anne Marit Presterud ved byrådsavdelinga for barnehage og skule i Bergen.

Ho vil ikkje gi noko anslag på kva kommunen sparte på lærarstreiken, men seier svaret er rett rundt hjørnet.

– Når vi køyrer ut løna neste veke, så får vi det riktige talet, forklarar Presterud og presiserer at dei ikkje har vore opptatt av kva dei har spart på streiken.

Sparte over 210 millionar

Ifølge KS sine eigne utrekningar, sparte kommunane som var involvert i streiken, rundt 210 millionar kroner i lønsutgifter. Elevorganisasjonane var tidleg ute å bad kommunen bruke dei sparte kronene på dei streikeråka elevane.

Same spørsmåla har kommunen i Bergen fått. Dei har våre råka av streik ved dei fire siste hovudoppgjera. 2014 var første gong at streiken var ved skulestart og totalt 24 skular var involvert.

– 24 rådgjevarar

Kommunaldirektøren seier arbeidet med å finna kompensasjon allereie er i gong i Bergen.

– Vi har gått i dialog med rektorane på skulane for å høyre kva dei tenker, seier Presterud.

Byråd for barnehage og skule i Bergen, Harald Victor Hove seier utgangspunktet deira er å minimera konsekvensane for dei råka elevane så mykje som mogleg.

– Vi starta arbeidet i går. Dette er jo ein ny situasjon for oss, vi har ikkje hatt ein streik i starten av skuleåret før. Så vi spør rektorane om hjelp, dei blir våre 24 rådgjevarar, seier Hove til NRK onsdag.

Han seier alle vurderingar vert tatt inn og at ein deretter vil koma tilbake til kva tiltak som blir sett i gong og når det vert sett i gong.

NRK har vore i kontakt med Askøy kommune, som også er i dialog med rektorar om kompenserande tiltak ved tre ungdomsskular som var råka av streiken.

Har ikkje rekna ut sparinga

Heller ikkje i Hordaland fylkeskommune har dei finrekna på kva dei har spart på lærarstreiken. 15 vidaregåande skular i fylket var råka.

– Vi hadde eit overslag ved det andre streikeuttaket. Då var det sparingar på 1,2 millionar kroner dagleg. Men vi har ikkje rekna på det etter det tredje uttaket, seier fylkesordførar Tom Christer Nilsen.