Spår butikkdød med bybane over Bryggen

BERGEN (NRK): Handelsstanden i Bergen sentrum er delt i synet på om Bybanen over Bryggen vil vera god butikk.

Anbefalar Bybane over Bryggen

TRASÉ: Slik kan det sjå ut om Bybanen går over Bryggen.

Foto: Norconsult

Det har vore den mest betente politiske saka i Bergen i årevis. Ho er framleis ei av dei vanskelegaste sakene under forhandlingane om nytt byråd.

– Bybanen over Bryggen vil vera veldig negativt for oss næringsdrivande, seier Frode Hellebø.

Han er driftsleiar for Jack's Country Saloon på Zachariasbryggen og vil verken ha bilar eller Bybanen over Bryggen.

– Eg kan ikkje forstå at Bybanen over Bryggen er negativt, seier derimot brillegründer Helge Flo.

Han eig butikken Kaibosh i Øvregaten like over Bryggen og meiner ei bybane i nærleiken vil styrka drifta hans.

Spår butikkdød

Facebookgruppa «Nei til bil og bybane over Bryggen» har, sidan den blei oppretta for ei knapp veke sidan, vakse seg til over 6000 medlemmar. Tydeleg inspirert av bompengeopprøret skriv dei mellom anna:

«Me kan påverke! Folkemakta har allereie rysta dei styrande partia, la dei få vite at me vil la Bryggen bli den perla den fortener å bli. Det nyttar, sjå på bompengeopprøret! Del vidare, me står saman!»

Hellebø er éin av medlemmane i gruppa. Han meiner utbygginga av Bybanen vil ta så lang tid at det vil få store konsekvensar for dei som driv i området.

– Eg spår butikkdød og dårleg framkomst i området over lang tid. Det trur eg ikkje næringslivet her i området vil tola, seier han.

Frode Hellebø

BILFRITT: Frode Hellebø fryktar Bybanen over Bryggen vil påverka puben hans negativt. Han vil helst ha all trafikk vekk frå området.

Foto: Sissel Rikheim / NRK Hordaland

– Eg trur dette blir ein bydel berre for dei som bur der om det ikkje skal gå bilar eller bybane over Torget og Bryggen, seier Flo.

Andre frå næringslivet meiner derimot det stikk motsette.

Frisør i Øvregaten Trond Skeide Johannessen er for eit bilfritt sentrum, men meiner Bybanen over Bryggen vil vera eit stort pluss.

– Om ein samanliknar Bergen med andre storbyar i Europa, ser ein mykje meir pulserande sentrumsliv. Eg meiner me må få vekk all annan trafikk og berre ha Bybanen, seier Johannessen.

Trond Skeide Johannessen

POSITIV: Trond Skeide Johannessen vil ha Bybanen over Bryggen. Han er dagleg leiar for Trond's Frisør Team AS i Øvregaten og opplever at der er flest folk i sentrum dei dagane gatene er stengde for trafikk.

Foto: Silje Thalberg / NRK Hordaland

Betent sak i fleire år

Spørsmålet om Bybanen til Åsane skal gå over Bryggen, i tunnel, eller om heile traséen skal sløyfast, har vore ei betent sak i bergenspolitikken i mange år.

– Det vil bli vakkert med bane her, sa dåverande byrådsleiar Monica Mæland (H) til Bergensavisen sommaren 2012.

Då ho forsvann frå bergenspolitikken for å bli ein del av regjeringa til Erna Solberg, blei det kaos heime i Bergen.

Det har sidan då vore mykje fram og tilbake om Bybanen, og det har vore interne splittingar i både Høgre og Ap.

I 2014 var det fleirtal i bystyret om at Bybanen skulle gå gjennom tunnel ved Kjøttbasaren nedanfor Fløybanestasjonen. Dette vedtaket blei slakta av Riksantikvaren som meinte tunnel ved Kjøttbasaren ville øydelegga verdsarvstatusen til Bryggen.

I 2015 gjekk Ap til val på Bybanen gjennom tunnel i staden for over Bryggen. Dei gjorde sitt beste val på 48 år.

Men i 2016 måtte dei sjå slaget tapt i forhandlingar om byrådssamarbeid med Venstre og KrF. Då vedtok bystyret, beståande av Arbeidarpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti, SV og ein representant frå MDG, trasé langs Bryggen.

Dermed følte mange Ap-veljarar seg dolka i ryggen.

Endå ikkje ferdigdiskutert

Tre år etter trasévedtaket er saka framleis ikkje ferdigdiskutert. Under dei pågåande byrårdsforhandlingane trekte Sp seg ut fordi dei ikkje ønsker Bybanen over Bryggen.

Hellebø er fortvila over at fleire parti har endra meining fram og tilbake sidan 2012.

– Eg har stemt på partia som ikkje vil ha Bybanen over Bryggen. Det som er så synd, er at mange av desse har skifta meining undervegs, heilt tilbake frå 2012, seier han.

Jack's Country Saloon på Zachariasbryggen

Jack's Country Saloon ligg på Torget i byrjinga av Bryggen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK Hordaland