Hopp til innhold

Spår at miljø vert ei taparsak i valkampen

Unge er mindre opptekne av klimaspørsmål enn ved førre stortingsval. Valforskarar har liten tru på at miljø vert nokon vinnarsak i valkampen.

Mindre opptekne av klima

MINDRE VIKTIG ENN I 2009: I 2009 vart klima rangert som den nest største utfordringa blant dei under 30. I dag viser TNS Gallup sitt Klimabarometer at fire saker vert sett på som viktigare enn klima.

Foto: Krister Sørbø / Bjørnbakk, Jan-Morten / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Frank Aarebrot valg 2011

HAR IKKJE TRU PÅ MILJØ: Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Foto: NRK
Toril Aalberg

HAR IKKJE TRU PÅ MILJØ: Toril Aalberg, professor i statsvitskap ved NTNU.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Partia gjer nok lurt i å ikkje satsa for mykje på miljø i valkampen seier, professor ved Universitetet i Bergen Frank Aarebrot.

– Det har ikkje slått meg at klima kan verta årets valkampsak, seier professor ved NTNU i Trondheim Torill Aalberg.

Dei to professorane er samde om at miljø og klima heller ikkje i 2013 vil verta saka som dominerer valkampen.

Aarebrot trur snarare at miljøpartia kan skremma veljarar til andre parti om dei fokuserer for mykje på miljø- og klimaspørsmål.

Appellerte ikkje sist

Han viser til korleis haldningane til konsekvensutgreiing i Lofoten og Vesterålen slo ut ved valet i 2009.

– Sist viste valresultatet at det standpunktet kan ha skada miljøpartia. Dei partia som gjekk inn for konsekvensutgreiing gjekk fram, medan dei som gjekk imot konsekvensutgreiing tapte valet, seier Aarebrot.

Han legg til at tendensen var endå sterkare i dei elleve kommunane i Lofoten og Vesterålen.

Torill Aalberg meiner miljø og klima har lett for å tapa mot dei nære ting.

– Tilstanden til skulane barna går på og sjukeheimen dei eldre bur på vert mykje nærare for folk enn klima og miljø. Sakene folk føler meir på kroppen vert viktigare, seier professoren i statsvitskap ved NTNU.

Les òg: Forskarane er einige: Klimaendingane er menneskeskapte

Mindre viktig enn i 2009

Ifølgje Klimabarometeret til TNS Gallup ser unge på klima som ei mindre viktig utfordring enn ved førre stortingsval. Medan klima vart rangert som den nest største utfordringa hausten 2009, vert temaet rangert som den femte største utfordringa i dag.

Avdelingsleiar i TNS Gallup Eva Fosby Livgard peikar på den kraftige merksemda rundt FN sitt klimatoppmøte i København, når ho skal forklara kvifor unge er mindre opptekne av klima enn for fire år sidan.

– Klimatoppmøtet i København gjorde at ein hadde eit veldig trykk på klima i media. Me såg ein samvariasjon mellom medieoppslaga og merksemda blant dei unge, seier Fosby Livgard.

Les òg: Frp seier nei til ny Kyoto-avtale

Oppsving siste to år

Likevel viser Klimabarometeret eit kraftig oppsving i vektlegginga av klimaspørsmål, samanlikna med ei tilsvarande undersøking gjort for to år sidan.

I 2011 rangerte dei under 30 klima heilt nede på 11. plass av 14 utfordringar.

– Det kan tyda på ei form for mobilisering frå miljørørsla, seier Fosby Livgard.

– For pessimistisk

Ifølgje undersøkinga er det SV sine veljarar som i størst grad meiner at miljø er ei viktig sak i valkampen, med Venstre sine veljarar hakk i hel.

SV-leiar Audun Lysbakken trur ikkje professorane har rett i at miljø og klima ikkje vil vera saker som mobiliserer i valkampen.

lysbakken klapper landsmøtet

TRUR PÅ MILJØ: SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
Tom Sverre Tomren

TRUR PÅ MILJØ: Tom Sverre Tomren, toppkandidat for Miljøpartiet dei Grøne.

Foto: Karoline Kalstveit / NRK

– Eg opplever at det er eit stort engasjement. Spørsmålet alle no må stilla seg er om ein skal verta meir avhengige av olje eller om ein skal få fleire bein å stå på. Dette handlar ikkje berre om miljø, men og framtida til velferdsstaten, seier Lysbakken.

Han meiner miljøsaker vil appellera til veljarane.

– Eg meiner professorane er for pessimistiske. Dette er eit utruleg viktig solidaritetsprosjekt. Og det triste er jo at dei store partia ikkje har tatt tak i dette på landsmøta sine, seier SV-leiaren.

– Er for mykje på universitetet

Nytt av året er at Miljøpartiet dei grøne har ambisjonar om å komma på Stortinget frå fleire fylke. Dei har heller ikkje tru på spådommane til professorane.

– Professorane er mykje på universitetet, eg er mykje ute blant folk, seier Tom Sverre Tomren som er toppkandidat for Miljøpartiet dei grøne i Hordaland.

Tomren meiner folk på gata er opptekne av miljø og klima.

– Me får masse tilbakemeldingar, eg trur dei tek feil, seier Tomren.

Les òg: Unge arabarar mobiliserer for klimasaka

– Kan trekka kvarandre ned

Frank Aarebrot meiner Miljøpartiet dei grøne kan komma til å øydelegga for dei tradisjonelle miljøpartia SV og Venstre.

– Det kan føra til at desse partia trekkjer kvarandre ned, det kan verta eit veldig representanttap om miljøpartia øydelegg for kvarandre, seier Aarebrot som ikkje ser bort frå at Miljøpartiet dei Grøne kan bidra til at Venstre og SV tapar mandat i fleire fylke.

Han ser heller ikkje bort frå at det «nye» miljøpartiet kan greia å komma på Stortinget.

– Gjennom kommunevalet fekk dei talarstolar i fleire norske byar. Dei har ein fordel med at Venstre og SV på mange måtar er bunden til kvar si mast gjennom dei to blokkene dei er ein del av, seier Aarebrot som meiner partiet har ein sjanse både i Oslo og i Hordaland.