Hopp til innhold

Spår 30.000 fleire innbyggjarar langs nye Bergensbanen

Milliardsatsinga på ny jernbane gir enorme moglegheiter for vekst i bygdene mellom Voss og Bergen, ifølge ny studie.

Nytt bydelssenter på Stanghelle
Foto: Skisse / Asplan Viak

Moglegheitsstudien som konsulentselskapet Asplan Viak har utarbeidd på oppdrag frå Voss og Vaksdal kommune, blir denne veka presentert for innbyggjarane begge stader.

Ifølge studien er ei vekst på 30 000 innbyggjarar, 15 000 nye bustader og 7 500 nye arbeidsplassar innan 2040 heilt reelt i dei to kommunane, meiner konsulentfirmaet.

– Det er spenstige ting dei har komme opp med. Eg har aldri sett for meg noko slikt, seier Vaksdal-ordførar Eirik Haga (Ap) til NRK om skissene.

– Veldig spennande, og studien syner potensialet i våre kommunar, kommenterer Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap).

Milliardsatsing på samferdsel

Konsulentselskapet har jobba med framtids-scenarioet i eitt års tid. Timinga var dermed god då regjeringa i desember fortalde om si milliardsatsing på ny E16 og ny Bergensbane mellom Voss og Bergen.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ønskjer å gå for det sokalla K5-alternativet på strekninga, som inneber åtte nye tunnelar for bil og tog. Prislappen er på over 30 milliardar kroner.

Reisetida med tog frå Voss til Bergen sentrum bli kutta ned frå 63 minutt til 37 minutt. Frå Vaksdal vil det ta knappe kvarteret med toget til Bergen sentrum.

Vaksdal-ordfører Eirik Haga for Arbeiderpartiet

Vaksdal-ordførar Eirik Haga (Ap) syner kor det kan bli aktuelt å fylle fjorden med steinmassar, for å gi plass til storstilt utbygging av Stanghelle.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ynskjer berekraftig byutvikling

Asplan Viak har analysert korleis nye stoppestadar på Bergensbanen vil kunne utvikla seg til naturlege og berekraftige bydelssenter.

– Studien er ei blanding av kva vi ønskjer skal skje, kva bergensregionen treng og kva som kan skje. Det er spennande å syne dette fram til innbyggjarane, seier fagansvarleg for by- og stadsutvikling, Fredrik Barth i Asplan Viak.

– Jernbanesatsinga mogleggjer ei byutvikling som ikkje er avhengig av bil. Det har vi ikkje sett før i bergensregionen, seier Barth og peikar på byutviklingsplanane på Sotra, Askøy og Osøyro.

Vil høyre kva folket seier

Vaksdal-ordføraren seier han er spent på kva innbyggjarane tenkjer om skissene som no blir lagde fram. I utgangspunktet slit kommunen med å halda på innbyggjarane. Det kan bli stikk motsett i åra framover.

– 29. februar blir ein nøkkeldato. Då får me vita om Arna–Stanghelle er inne i neste NTP, og det påverkar korleis vi skal jobbe med prosjektet framover, seier Haga.

Han har tidlegare snakka om planane om å bruke «kortreist stein» frå E16 og Bergensbane-bygginga til å fylla ut fjorden utanfor Stanghelle, slik at det kan bli plass til eitt nytt bydelssenter.

På Voss er dei allereie i gang med å planlegga auka fortetting og høgare bustadbygg i sentrum.

– Me er nøydde til å vera førebudd og gjera naudsynte grep. Poenget med ein slik studie er å skapa debatt og reaksjonar, og eg gler meg til å høyra kva innbyggjarane meiner, avsluttar Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb.