Dei fire stordabuane var på ferie i den spanske byen Torrevieja. Etter ein tur på stranda la dei to jentene i følgjet bagane frå seg under bilen dei hadde leigd som sto parkert på ein molo.
Då John William Gundersen (23) og kameraten kort tid etter kom for å hente bagen, var heile moloen sperra av politiet og ei folkemengde hadde stimla til for å sjå kva som skjedde.
- Eg skjøna ingenting, men forsto etterkvart at det var bilen vår som var sentrum for merksemda, seier Gundersen til NRK.
Terroralarm
Det var her i Torrevieja dei to para frå Stord ferierte. Foto: NRK
Det som var situasjonen var at politiet i følge BT hadde slått full terroralarm etter at bagane under bilen var oppdaga.
At gjenstandar plassert under bilar ikkje er noko politiet Torrevieja tek lett på, er gjerne ikkje så rart. Feriebyen er eit av mange spanske turistmål der baskiske ETA lenge har vore aktive.
- Då eg nærma meg bilen tok eg ein råsjangs, seier Gundersen. Han trykte på fjernkontrollen til dørlåsen på bilen. - Den lagar jo litt lyd, så då skvatt dei skikkelig til.
«The ladies...»
Kameratane vart raskt tekne hand om av politiet, som ikkje var blide på tankeløysa til turistane frå Stord.
- Me var kjappe med å skulde desse jentene då, at det var «the ladies».
Til slutt endte det godt og til og med politiet drog litt på smilebandet over dei forfjamsa hordalendingane.
- No kan vi le av det, men der og då var det berre veldig, veldig flaut. Vi har fått ein lærepenge, seier Gundersen.