Hopp til innhold

Sp, SV og Høgre vil styre i Vaksdal

Det går mot ein flertalskoalisjon mellom Senterpartiet, SV og Høgre i Vaksdal, melder Vaksdalposten. Etter valet sit partia med 12 av i alt 21 representantar i kommunestyret. – No skal vi forhandle politikk og posisjonar, seier ordførarkandidat Kjartan Haugsnes (biletet) frå SV til NRK. Partia håpar å legge fram eit resultat innan fredag i neste veke.

Kjartan Haugsnes
Foto: Vaksdal SV