Hopp til innhold

Sp-politikarar krev omkamp om vestlandsfylket

To store regionsamanslåingar er i fare. No kan Vestlandet stå for tur.
– Uakseptabelt å be om omkamp no, svarar Ap-fylkesordførar.

Turisme i Norge

NY SPLID: Hordaland og Sogn og Fjordane, her representert ved Aurland, har sagt ja til å slå seg saman til Vestland fylke.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Hordaland og Sogn og Fjordane har sagt ja til å slå seg saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020.

I prosessen vart det varsla om mange omkampar om samanslåinga. No kjem det ein til.

Det er dei sentrale Sp-politikarane Liv Signe Navarsete, Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke som står bak utspelet om omkamp.

Årsaka er den store usikkerheita som har spreidd seg om samanslåinga mellom Troms og Finnmark i nord, og samanslåinga av Buskerud, Akershus og Østfold i aust.

– Det er heilt naturleg at denne nye situasjonen får konsekvensar også for stortingsvedtaket om nytt fellesfylke mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) for Sogn og Fjordane.

Navarsete og Vedum

TRUR VIKEN RYK: Liv Signe Navarsete saman med Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget. Sp-leiaren sa i helga at han trur Viken kjem til å ryka.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fleire omkampar

Nye Vestland fylkeskommune vil ha over 600.000 innbyggarar, med politisk og administrativ leiing plassert i Bergen.

– Dersom Stortinget snur om regionsreforma på Austlandet og i Nord-Norge, må det også føre til at vedtaket om Vestland vert oppheva, seier Navarsete.

I helga sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til VG at samanslåinga av Troms og Finnmark bør stoggast. Han avviste heller ikkje å skrote region Viken, som er samanslåinga mellom Buskerud, Akershus og Østfold.

I Akershus er det no fleirtal for å oppheva vedtaket om storregionen Viken, dersom Finnmark slepp å gå inn i region med Troms.

Navarsete seier dei framleis ventar på kva statlege oppgåver som skal overførast til dei nye regionane, og har også det som argument for ein omkamp om vedtaket.

– Uakseptabelt

Utspela frå Sp-politikarane vekkjer reaksjonar hjå fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland.

– Dette er uakseptabelt. Me har retta oss etter to stortingsvedtak og nesten samrøystes fylkestingsvedtak. Me har komne alt for langt i prosessen til å reversera dette no, seier Hestetun oppgitt til NRK.

Ho meiner dette vil føre til meir uforutsigbarheit.

– Me kan ikkje halda alle våre tilsette og alle som er involvert i prosessen for narr, seier Hestetun.

Kommunalminister Monica Mæland (H) er ikkje overraska over at Senterpartiet nok ein gong varslar omkamp.

– Ap og Sp har innført eit nytt prinsipp i norsk politikk. Nemleg å ikkje følgje og boikotte stortingsvedtak som dei har stemt mot. Det er usedvanleg uheldig.

– Regjering følgjer stortingets vedtak. Vi flytter ut oppgåver og skal legge fram ein sak om det i haust, seier Mæland til NRK.

Fylkesordførarane Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap)

REAGERER: Fylkesordførar og Ap-politikar Anne Gine Hestetun (til venstre) blir oppgitt over utspelet frå Sp-politikarane på Stortinget. Her saman med fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Kaos

Navarsete seier til NRK at utviklinga i regionreforma dei siste vekene, har vore eit forventa kaos.

– Ein har brukt kortare tid på å planlegge denne reforma, enn vi brukte på eit vegkryss i Stryn då eg sat som samferdsleminister.

– Her kjem ei stor reform som ikkje er samhandla med andre statlege grenser, som til dømes politi og helse, og som ikkje er det folkeleg forankra. Dette er ei hastesak og ein slik stogg var nøydd til å koma, seier Navarsete til NRK.